Statusoppdateringar

Kommuneoverlege Bjørn Carsten Buan har i dag fatta vedtak iht smittevernloven § 4-1 om at fellesanlegg kan bli opna under bestemte føresetnader som er beskrive her.

Det er vår og om nokre timar er det 1. mai. Mai er vanlegvis ei høgtid for nasjonale og private markeringar og merkedagar, til glede for arbeidsfolk, unge og eldre. Denne våren blir annleis, men vi skal som samfunn forsøke å normalisere oss etter ei tid med nedstenging og forbod

På denne sida har vi samla lenker til sentrale nasjonale veiledarar om smittevern for ulike bransjar og sektorar under covid-19.

Alle barneskulane i kommunen blir opna for 1.- 4. trinn og SFO frå måndag 27.04.20. Undervisningstida og skuleskyssen vil gå som normalt.

Mange hytter har over lengre tid ikkje vore i bruk på grunn av hytteforbodet. No blir det viktig å hindre at legionella-bakterien etablerer seg i vatnsystemet på hytta og fører til legionellasmitte.

Det er ikkje påvist nye smittetilfelle I Surnadal kommune. I morgon startar barnehagane opp og i neste veke er det elevar frå 1-4. trinn sin tur.

Tysdag 21.04.2020 opnar barnehagane i Surnadal gradvis opp i heile kommunen. 

Det er ikkje alltid medisinsk fagspråk er like enkelt å oppfatte. Avisa Driva misforstod litt kva utstyrssekkane som heimetenesta har kjøpt inn kan brukast til. Utstyret i sekkane inneheld ikkje testutstyr for covid-19 og kan ikkje påvise covid-19. 

Det er ikkje muleg å avvikle dei tradisjonelle arrangementa med tog og store folkesamlingar, sett ut frå krav som er sett på nasjonalt nivå.

Det er nedsett ei beredskapsgruppe som kan bidra til å spreie informasjon og organisere nødvendig hjelp dersom det skulle oppstå ein omfattande sjukdomssituasjon. Kontaktinfo til medlemmane finn du i denne artikkelen.