Statusoppdateringar for Surnadal kommune under covid-19

Teststatistikk for Surnadal kommune - oppdatert kvar veke
Teststatistikk for Surnadal kommune - oppdatert kvar veke
Månad Antal testar Påvist covid-19
Mars 149 1
April 127 1
Mai 44
Juni 32
Juli 146
August 423 1
September 467 2
Oktober 285 1
November 269
Desember 363 2
Januar 348 4
Februar 176
Mars 275 4
April 131
Totalt 3235 16

Sjukeheimen har no fullvaksinert langtidsbebuarane. Dette gjev ein milepél med omsyn til besøksrutiner, og vi er glade for å kunne lette på restriksjonane.

Koronavaksineringa er godt i gang med prioriteringsgruppe 3 kor vi no vaksinerer personar på 80 år. Grunna begrensa tilgang på vaksiner blir det i neste veke eit kort opphald i vaksinering av nye personar i denne gruppa.

Ved fleire handelssenter i Trondheim er det nyleg påvist spreidde utbrot med den meir smittsame virusvarianten frå Storbritannia. Dette har ført til ekstra strenge smitteverntiltak i Trondheim med meir bruk av karantene som verkemiddel.

Vinterferien 2021 står snart for døra. Etter vinterferien i 2020 tok folk uvitande med seg koronaviruset heim frå skiferie i utlandet og sidan har vi fått ein annleis kvardag med undertittelen «i desse koronatider».

Vaksinetelefonen melder om at mange ringer for å bli sett opp på koronavaksinasjon utan at dei har fått innkalling. Brevet som vart sendt ut til alle over 65 år ved juletider, er ikkje å forstå som ei innkalling, men eit informasjonsskriv om at ein vil få tilbod om koronavaksine.

Det er 55 nye personar over 85 år som no får ein SMS med innkalling og tilbod om koronavaksine. Vi ber pårørande vere litt obs på dette. 

Bakgrunnen for tiltaka er utbrotet av mutert virus og "stengte" kommunar på austlandet. Sjukeheimen iverksett no nokre føre-vár tiltak.

Neste veke startar vi så smått opp med tilbod om koronavaksine til dei som er over 85 år og som bur heime. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen.

Frå 20. januar er det lempa på enkelte nasjonale smitteverntiltak, særleg med omsyn til barn og unge. Andre strenge tiltak er vidareførte så lenge det er behov, men blir fortløpande vurdert av myndigheitene.

Seint i går kveld fekk kommuneoverlegen melding om nok eit smittetilfelle. Det er ingen samanheng mellom det nye tilfellet av importsmitte og dei vi fekk melding om tidlegare laurdag kveld.