Statusoppdateringar

 Siste nytt frå kriseleiinga i Surnadal kommune

 Siste nytt frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Surnadal kommune har oppretta eigen korona-telefon for å besvare spørsmål kring korona-situasjonen. 

I Surnadal kommune er det fleire som jobbar for at alle barn og unge skal ha nokon å snakke med no når det verkar som om alt berre handlar om koronavirus. 

Frå 20. april er hyttefolket velkomne attende til Surnadal. Korona-situasjonen er langt i frå over og vi ber alle om å følge gjeldande smittevernreglar og vere forsiktig når ein kryssar kommunegrensene.

Kommuneoverlegen i Surnadal kommune fattar følgande vedtak:
«For å stoppe spredning av Covid-19 og bidra til å opprettholde nødvendige helse- og omsorgstjenester gjør kommuneoverlegen mandag 16.03.2020 følgende vedtak, etter smittevernloven § 4-1:

 Frå og med måndag 16. mars vil både Dagsenter for eldre (v sjukeheimen) og Dagsenter for demente, Inn på Tunet, både med Solveig Haglund og Helga Bele vere stengt til ein får ny beskjed. Dette vil minst vare i 14 dagar.

I tråd med førebyggande smitteverntiltak blir Surnadal kommunehus stengt for besøkande frå og med i dag, 16. mars og inntil vidare. Vi oppfordrar til å ta kontakt med oss via e-post og telefon.  

 

I tråd med innføringa av nye nasjonale smitteverntiltak ønskjer vi å minske risikoen for smittespreiing ved å unngå fysisk oppmøte/besøk som ikkje er strengt nødvendig.

Surnadal kommune vil komme med meir informasjon om handteringa av dei nye nasjonale tiltaka som vart presentert av helsemyndigheitene og regjeringa kl. 14.00 i dag. Kommunen arbeider no med å sikre at personell med samfunnskritiske oppgåver innan ulike tenester, bedrifter og institusjonar får tilbod om barnepass når alle skular og barnehagar blir stengt frå kl.18:00 i dag 12. mars.  

Inntil vidare: Det er ingen som kan sende barna sine på skule eller barnehage i Surnadal kommune i morgon, utan at dei har fått beskjed om dette frå kommunen.