Tilpassa bustad

Tilpassa bustadar og bufellesskap er for deg som har nedsett funksjonsevne, dårleg tilrettelagt bustad eller problem med å klare deg sjølv i eigen bustad.

Kven kan søkje om tilrettelagt bustad?

  • Din noverande bustad må vere uegna
  • Du har nedsett funksjonsevne
  • Bustaden er uheldig for helsetilstanden din
  • Du må vere busett i kommunen
  • Du må ha ei diagnose innanfor psykiatri eller utviklingshemming/ andre samansette bistandsbehov.

Korleis søkjer du?

Bruk eige skjema for søknad om tenester i helse- og omsorg.

Søknadsskjema skal sendast:

Surnadal kommune
ved Koordinerande eining
Bårdshaugveien 1
6650  SURNADAL

Kva skjer vidare?

Før søknaden din blir behandla, vil ein frå kommunen ta kontakt og avtale eit heimebesøk.

Behandlingstid

Alle søknadar blir behandla etter fristar i gjeldande lov- og avtaleverk.