Søke på helse og omsorgstenesterDet er eit felles søknadskjema for helse- og omsorgstenester i Surnadal kommune. Slik søker du helse- og omsorgstenester Beskriv kva du treng hjelp til, så vurderer vi kva tenester som passar best for deg. Avhengig av informasjon i søknad, vil saksbehandlar kunne ta kontakt med deg for vidare saksgang. Det er den som treng hjelp, eventuelt verge eller pårørande med fullmakt som digitalt signerer søknaden. Du kan få hjelp av helsepersonell eller andre til å fylle ut søknaden.Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester inkluderer ikkje søknad om omsorgsbustad.Søknad på omsorgsbustad gjer du her Kva må du gjere før du søker? Du må ha tilgang til ID-porten (BankID, BankID på mobil, Buypass, Commfides)Om verge eller pårørande loggar seg inn med ID-porten, må fullmakt leggast ved.Last ned og fyll ut fullmakt her (PDF, 53 kB). Fullmakten kan leggast ved søknaden som PDF (eller ettersendast). Søknadsskjema Gå til søknadsskjemaDersom du har ein eldre nettlesar kan du oppleve at skjemaet ikkje fungerer og ikkje blir sendt inn til oss.Du bør jamleg oppdatere nettlesaren din.Skjemaet støttar ikkje bruk av nettlesaren Internet Explorer 11. Her kan du sjekke kva nettleser du har:www.whatismybrowser.com Søknadsskjema i papirversjon Du kan skrive ut utskriftsvennleg søknadsskjema for helse og omsorgstenester (PDF, 239 kB). Skjemaet må fyllast ut, underteiknast og sendast til Surnadal kommune, Koordinerande eining, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal. Du kan også kontakte servicetorget eller koordinerande eining for å få skjemaet utdelt ved oppmøte eller tilsendt. Søknadsfrist Det er ikkje søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande Saksbehandlingstid Du vil motta bekreftelse på innsendt søknad. Svar på søknad kjem innan 4 veker. Dersom vi ikkje klarer det, vil vi kontakte deg og fortelle kor lang tid vi trur det vil ta. For å forsikre oss om at du får det tilbodet som passar best for deg, kjem vi vanlegvis på heimebesøk. Avtale om heimebesøk gjer vi med deg eller den du har gitt fullmakt. Du kan få innvilga ein eller fleire helse- og omsorgstenester. Når du søkjer helse- og omsorgstenester er det koordinerande eining i kommunen som behandler søknaden. Individuell plan Dersom du har behov for koordinering av helse- og omsorgstenester over lengre tid, kan du ha rett til å få utarbeida Individuell plan (IP) eller få tildelt ein koordinator. Klage Får du ikkje tilbod om helse- og omsorgstenester du har søkt om, gir vi deg ei begrunning for dette.I svaret får du og informasjon om korleis du klagar. Saksbehandlaren din kan hjelpe deg med å klage.Korleis klage på helse- og omsorgstenester (Statsforvaltaren)Rett til å klage - Helsnorge.noPasient- og brukerombudet Oversikt over tenester Velferdsteknologi Praktisk bistand (Heimehjelp mm) Pårørandestøtte (omsorgsstønad, støttekontakt, avlastningstiltak) Transportstøtte for funksjonshemma Matombringing Dagsenter for eldre/psykiatri/buteneste Psykisk helsearbeid Fysioterapi og ergoterapi Brukarstyrt personlig assistent Individuell plan Omsorgsbustad Heimesjukepleie Kort- og langtidsopphald på sjukeheim Din rett til helsehjelp Pasient- og brukerombudet Møre og Romsdal: Besøksadresse: Astrups gate 9, 6509 KRISTIANSUND NTelefon +47 71 57 09 00e-post: mr@pasientogbrukerombudet.no Lov om pasient- og brukerrettigheterLov om kommunale helse- og omsorgstenester (Helse- og omsorgstjenesteloven)Helsedirektoratet sin nettside om Helse- og omsorgstjenestelovenHelsenorge.no Behandling av personopplysningar Surnadal kommune ivaretar informasjonssikkerheit og personvern i samsvar med reglane i personvernforordninga.Les meir om korleis kommunen handterar personopplysningar her (Orkidé -kommunane)Helsedirektoratet har i samband med etableringa av Kommunalt pasient- og brukarregister laga ei brosjyre om korleis kommunar behandlar personopplysningar.Brosjyren om behandling av personopplysningar kan du laste ned på både nynorsk/bokmål, samisk, engelsk og urdu frå Helsedirektoratet sine nettsider. Fullmakt ved søknad om helse- og omsorgstenester Fyll ut, skriv ut og signer fullmakt under.Gå til skjema for fullmakt (PDF, 140 kB) Verjemål og framtidsfullmakt Vanlege verjemål er frivillig, og verjen kan ikkje gjere noko som personen sjølv ikkje ønskar. Det er eit prinsipp at verjen skal bidra til å styrke personens sjølvbestemmelse. Begrensningar i sjølvbestemmelse skjer kun dersom rettsvesenet har beslutta å frata personen hans eller hennar rettslege handleevne. Les meir om verjemål hos Sivilrettsforvaltningen.Framtidsfullmakt er eit privatrettsleg alternativ til vanleg verjemål. Dersom du planlegg å skrive ei framtidsfullmakt, tilrår vi at du tar deg tid til å lese informasjon om framtidsfullmakt hos Sivilrettsforvaltningen. Sist endret 05.03.2025 15:37