Surnadal sjukeheim

Surnadal sjukeheim ligg på Skei i Surnadal.

Kva kan vi tilby?

  • Langtidsavdeling med 16 rom.
  • Bu- og avlastningsavdeling med 26 rom, 20 langtidsplassar, 6 korttidsplassar og to Øyeblikkelig Hjelp Døgnopphald (ØHD)-rom. Eit av ØHD-romma nyttast og til andre opphald ved behov.
  • Kåret er ei avdeling for personar med demens. Avdelinga har 16 rom. I tilknytning denne avdelinga er det ein sansehage.

Elles har sjukeheimen eige institusjonskjøkken. Vi leiger vaskeritenester frå Allrent, med lokasjon Heim.

Kven kan få tilbodet?

Kommunen skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester.

Med utgangspunkt i ditt behov for hjelp og ei fagleg vurdering frå kommunen, sett i samanheng med kommunen sitt tenestetilbod, blir det fatta vedtak om kva type hjelp og kor stort omfang av hjelpa som kan ytast. 

Det er felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Surnadal kommune.

Søk om helse- og omsorgstenester