Korttidsopphald

Ved Surnadal sjukeheim er det fleire typar korttidsopphald:

Kven får tilbod?

Det blir gitt ulike tilbod om døgnopphald for pasientar som fagteamet vurderer treng opphald ved sjukeheimen. Kva type opphald dette er, kjem an på pasienten sitt behov.

Type opphald

  • Korttidsopphald: eit opphald for ein kortare periode. Det kan vera mange ulike årsakar til eit slik type opphald.
  • Rulleringsopphald: der pasienten rullerar på å bu heime ein periode og vera på sjukeheimen for ein periode.
  • Avlastningsopphald: for å avlaste pårørande med tyngande omsorgsoppgåver. Bu- og aktivitetstenesta tilbyr avlastningstilbod for personar og familiar med tyngande omsorgsoppgåver.  
  •  Rehabiliteringsopphald: opphald for å hjelpe pasienten å trene seg opp att. Det kan til dels vera etter sjukdom eller skadar.
  • OBS-postopphald: målet er avklaring av vidare behov for omsorgstenester.
  • Palliativt opphald: er eit tilbod for døande pasientar.

Kva kostar tilbodet?

Her finn du informasjon om prisar for ulike opphald