Kapittel 1: Barn og unge

Klikk for stort bildeSurnadal ungdosmklubb veggbilde 

I kommuneplanen sin samfunnsdel er ”Barn og unge sine oppvekstvilkår” eit av temaa, med dette målet: 

Barn og unge skal sikrast eit trygt og godt oppvekstmiljø prega av omsorg, kunnskap og trivsel. 

Denne planen omhandlar kultur- og fritidstilbodet til barn og unge. Vi har derfor plukka ut følgjande framtidsvisjonar og delmål frå kommuneplanen: 

  • Vi har barn og unge som tør å skape og utforske
  • Vi må utdanne heile menneske slik at dei meistrar i både medgang og motgang
  • Vi har barn som opplever å ha god fysisk og psykisk helse
  • Vi har inkluderande og trygge oppvekstmiljø med leike- og læringsarenaer som fremmar sosial kompetanse, meistring, tilhørigheit og god helse
  • Vi har eit mangfaldig friluftsliv, kultur- og idrettstilbod til barn og unge

Strategiar

  • Etablere fleire sosiale møteplassar for samvær og uorganiserte aktivitetar for barn og unge. Vi har få møteplassar utandørs som samlar barn og unge uavhengig av  nabolag/grend. Eksempel:
    • Skøyteis 
    • Snøskutertrase
    • Ballspelplassar/ volleyballbanar
    • Skaterampar 
  •  Sette inn tiltak for at ungdom skal oppretthalde sin eigen aktivitet
    • Sette inn førebyggande tiltak for å hindre fråfall frå organisert fritidsaktivitet
  • Styrke barn og unge sin medverknad og innflytelse i samfunnet.  
  • Samarbeide tverrfagleg for å førebygge vald, mobbing, kriminalitet, rus og rasisme.  
  • Legge til rette for at barn og unge skal få utvikle sine kunst- og kulturinteresser jfr "Vedlegg: Sjekkliste for ung kunst og kultur".

Relevans og representativitet

Barn og unge er to ulike målgrupper. Vi må ta til oss at barn og unge er minst like forskjellige som vaksne når det gjeld interesser, preferansar og behov.

Samfunnet utviklar seg også frå i stor grad å vere ein stor fellesskap, til å bli mange små. Menneske møtest i mindre grad enn før, og prosentandelen av unge som er ute med venner, går ned.

Mindre fysisk samvær intensiverer utviklinga i retning av små fellesskap og digitale «ekkokammer». Det er difor avgjerande at kultur - og fritidssektoren maktar å vere relevant for alle delar av befolkninga og dei ulike fellesskapa, og at kulturen representerer innbyggarane.

Dette er ein føretsetnad for å utløyse den samfunnsbyggande krafta som kulturen kan ha.

Status 

  • Surnadal kommune er ein god kommune å vekse opp i for barn og unge. Vi har eit mangearta tilbod innafor idrett og kulturliv, og gode mulegheiter for å nytte ein variert natur. Fritidstilbodet i kommunen er godt tilrettelagt, men det er få uformelle møteplassar og uorganiserte aktivitetar for barn og unge..
  • Vi har mange nærmiljøanlegg som gir rom for uorganiserte aktivitetar, men særs få som samlar barn og unge frå heile kommunen. Det vi har å tilby per i dag, er for eksempel Kalkstranda, alpinbakken og kulturhuset.
  • Aktivitetar for barn og unge er viktige folkehelsetiltak. Ungdomsklubb og frivilligsentral vart opna i mars 2020.  Utstyrsentral gjer terskelen for å utøve friluftsaktivitetar lågare.

Mulegheiter og utfordringar 

Samfunnsutviklinga gjer at det er viktig å legge opp til at barn og ungdom får tilstrekkeleg mosjon og gode mentale opplevingar. Dette gjeld både uorganiserte aktivitetar som organiserte. Breiddeidretten mistar mange når treningskrava blir større. Dette betyr at mange unge treng å bli stimulert til eigenaktivitet. Fysisk aktivitet i barne- og ungdomsåra kan bidra til å førebygge mange av livsstilssjukdommane, så godt førebyggingsarbeid i ung alder bidreg til å sikre ei god folkehelse.

Framover blir det ei utfordring at barnetalet i kommunen søkk. Stadig fleire aktivitetar kjempar om dei same barna og ungdommane. Dette gjer at det blir vanskeleg å få til aktivitet i reine årsklassar i idretten.

Samlingspunkt i grendene er fortsatt viktige, men når det blir færre unge i kvar grend, krev det at vi også legg til rette for uformelle samlingspunkt meir sentralt. Det er viktig å ha ein plass å vere saman med andre etter skuletid, før andre aktivitetar tek til, eller berre for å møtast.

Både haldning til og bruk av rusmidlar må påverkast slik at det samla sett vil føre til redusert bruk av rusmidlar blant ungdom. Det er viktig med eit godt samarbeid mellom det offentlege og frivillige lag og organisasjonar. Eit godt tverrfagleg samarbeid er òg viktig for at vi skal vere mange som kan "sjå" dei unge og vere med på å førebygge at nokon fell utom det sosiale livet.

Handlingsplan for planperioden 2021 - 2025

Kulturplan 2021 - 2025, Barn og unge
Tiltak Ansvarleg Når
Etablere skøyteis på Øye Kommunen i samarbeid med frivilligheita og FAU SUS 2023
Bygge gapahuk og sette ut aktivitetsapparat på Kalkstranda Kommunen med tiltaksmidlar frå statleg sikra friluftsområde i samarbeid med frivillig sektor 2023
Etablere skatepark i sentrum Kommunen 2023
Etablere ungdomsbase på Frivilligsentralen Kommunen og frivillige 2022
Utvikle UKM (Ung Kultur Møtes) Kulturskulen og festivalar 2022
Etablere heimeside, Ung i Surnadal, der ein samlar alle tilbod for barn og unge i Surnadal Kommunen 2021
Reetablere ei tverrfagleg gruppe for ungdomsarbeidet i kommunen Kommunen 2021
Sette ned ei gruppe som ser på mulegheita for å få til ein snøskuterbane og/eller løype Kommunen 2021
Arbeide for å få til eit område for bilkøyring og bilaktivitet Kommunen i samarbeid med ungdomsrådet og andre bilinteresserte 2022

Rapport på tiltak frå handlingsplan for planperioden 2017 - 2020

Rapport frå 2017 - 2020 på tiltak barn og unge
Tiltak Kva har skjedd i perioden
Etablere fleire sosiale møteplassar for samvær og uorganiserte aktivitetar for barn og unge. Særleg må ein ha fokus på uorganisert ungdom. Friluftsliv, dans, UKM, ungdomsklubb opna. skipark, fleire skileikområde, stupetårn, venterom og garderobe ved dansesal
Gjennom eit aktivt ungdomsråd, lære ungdom å ta ansvar for å oppretthalde sin eigen aktivitet og styrke barn og unge sin identitet, medverknad og innflytelse i samfunnet. • Ungdomsrådet har hatt faste møter i perioden • Ungdomsrådet har vore aktiv i opprettinga av fritidsklubb. • Auka politisk aktivitet ved etablering av nytt politisk ungdomsparti.