Vedlegg; Sjekkliste for ung kunst og kultur i Møre og Romsdal

  

 

SJEKKLISTE FOR UNG KUNST OG KULTUR

  1. Kva for medverknad har barn og unge på kunst­ og kulturfeltet?
    For å skape gode og like oppvekstvilkår, må det lokale kulturlivet skapast i dialog med befolkninga, dette gjeld spesielt i dialog med barn og unge. Føresetnaden for eit godt lokalt kulturliv er at tilboda er kjent for, blir bruka av og utforma i samspel med, ei aktiv befolkning med engasjement for kunst og kultur. Brei medverknad frå barn og unge er ein føresetnad for å lukkast.

 

  1. Har vi ein aktiv, samanhengande og planlagt kunst-­ og kulturpolitikk for barn og unge?
    For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommunen og fylkeskommunen ha ein aktiv utforma kunst- og kulturpolitikk. Dette blir sikra ved hjelp av eigjennomgåande og samanhengande regional og lokal kulturplanlegging. Kulturpolitikk skaper kulturpolitikarar.

 

  1. Har alle barn og unge tilgang til å skape og utøve kunst og kultur?
    For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommune og fylkeskommunen legge til rette for at barn og unge kan produsere og formidle både smale og breie kunst- og kulturuttrykk. Slike moglegheiter og slikt mangfald blir skapt gjennom eit samspel mellom fleire kunst- og kulturaktørar: fritidsklubb, museum, kulturskole, kino, frivillige lag og foreiningar, Den kulturelle skolesekken, Ung Kultur Møtes (UKM), kulturhus, bibliotek, profesjonelle kunst- og kulturaktørar, og ikkje minst av barn og unge som sjølve organiserer kulturaktivitetar.

 

  1. Har barn og unge tilgang på god opplæring i det breie kunst­- og kulturfeltet?
    For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommunen og fylkeskommunen sikre at barn og unge får opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet i kunstfaga. Alle må ha tilgang på profesjonell kunst- og kulturfagleg opplæring gjennom hele opplæringsløpet; både i barnehage og gjennom heile det trettenårige skoleløpet. Kulturskolane er i dette ein sentral aktør, og må legge vekt på mangfald i sine undervisningstilbod. I tillegg må barn og unge i sitt lokalsamfunn ha tilbod om andre profesjonelle opplæringstilbod i kunst- og kulturfag i til dømes i museum og bibliotek, og gjennom eit breitt spekter av organisasjonar, lag- og foreiningar.

 

  1. Er kunst for, av og med barn og unge synleg i lokalsamfunnet?
    For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommune og fylkeskommunen legge til rette for at målgruppa har moglegheit til å vise og oppleve kunst og kultur i det offentlege rom. Det kan til dømes skje gjennom gatekunst, tilrettelagte arrangement, opne konsertar, festivalar og anna aktivitet der kunsten får ein synleg og naturleg plass i offentlegheita.

 

  1. Er det gode rammevilkår for produksjon og formidling til barn og unge?
    For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommune og fylkeskommunen legge til rette for at både profesjonelt og frivillig kunst- og kulturliv har barn og unge som publikum. Gode rammevilkår blir skapt til dømes gjennom tilskotsordningar og arenaer.

 

  1. Finst det eigna kulturlokale og arenaer for barn og unge si kunstnarlege verksemd?
    For å skape gode og like oppvekstvilkår, treng ein godt tilrettelagde arenaer for kunst og kultur både ute og inne. Kommunen og fylkeskommunen må legge til rette for at det profesjonelle og frivillige kulturlivet har eigna lokale og gode uterom for barn og unge si kunstnarlege verksemd, både til produksjon, visning og øving.

 

  1. Får barn og unge ta del i, og bli kjend med, eigen kulturarv, lokal identitet og lokal historie? For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommune og fylkeskommunen bidra til at kulturminne, lokale historier og tradisjonar kan brukast av, og formidlast til, barn og unge. Dette er verdiar som bidreg til fellesskap, utvikling og forankring til lokalsamfunnet.

 

  1. Er det god kunst­ og kulturfagleg kompetanse og kapasitet i forvaltninga til å jobbe med barn og unge som målgruppe?
    For å skape gode og like oppvekstvilkår, må det offentlege ha ein kulturadministrasjon og politikarar med relevant kunst- og kulturfagleg kompetanse og forståing. Gjennom administrasjonen og politikken sin kompetanse og kapasitet, skal kommunen og fylkeskommunen sitt ansvar for kunst og kultur realiserast.

 

  1. Har barn og unge trygge rammer for ytring, deltaking, produksjon, visning og konsum av kunst og kulturuttrykk på digitale plattformer?
    For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommunen og fylkeskommunen bidra til at barn og unge får opplæring i bruk av digitale verktøy og media i sin eigen kunst- og kulturproduksjon. Det offentlege må bidra til at barn og unge lærer å bruke digitale media for å utvikle sin eigen kreativitet, sin evne til å formidle og kommunisere. Barn og unge bør få tidleg hjelp til å utvikle gode haldningar og ferdigheiter i bruk av digitale media.