Innmelding av daude produksjonsdyr

Ikkje la dyrekadaver bli liggjande ute, meld inn til Norsk Protein så raskt som mogleg etter dyrets død.  

Henting skal skje innan 5 virkedagar. Merk kadaverplassen godt om du ikkje er heime, og hugs at plast ikkje må forekome i leveransen til kadaverbilen.

Les meir om kadaverhenting hos Nortura

Innmelding av dyrekadaver for henting til Norsk Protein

Ved innmelding av kadaver, hugs:

  • Dyr som det skal takast prøve av skal ha øyremerker.
  • For alle andre dyr skal øyremerker fjernast.
  • Hestesko, klave, tjor, tauverk, plast mv. skal også fjernast.
  • Plast må ikkje førekome i leveransen til kadaverbilen!
  • Ta dyret ut av fjøset og legg dyret på ein tørr, skuggefull, og godt merka plass.
  • Ha ein fast plass for henting av kadaver, plassen må være lett tilgjengeleg for kranbil.
  • Dekk dyret til med trelemmar eller trepallar, litt luft er bra. Ikkje bruk plast!

 

Du pliktar å varsle Mattilsynet om daude produksjonsdyr etter visse kriterie.

Skjema for innmelding av daude produksjonsdyr til Mattilsynet for hjerneprøve.

Melding om daude dyr gjeld for følgande artar og alder:

  • Daude storfe over 2 år
  • Daude sauar og geiter over 18 månadar
  • Daude hjortedyr (inkludert tamrein) over 12 månader

Når det gjeld storfe, vil Mattilsynet i utgangspunktet berre ta prøvar av daude storfe over 4 år.