Landbruket i Surnadal

Surnadal er ein av dei største jordbrukskommunane og den største skogbrukskommunen i Møre og Romsdal.

I 2017 var det 148 gardsbruk i drift med eit gjennomsnitteleg dyrka areal på 244 dekar. 71 gardsbruk har produksjon av storfekjøtt, av desse 50 mjølkebruk. Det er 37 sauebruk, 16 bruk med ammekyr, 4 bruk med gris og 37 bruk med korn.

Samla er husdyrhaldet i Surnadal ein stor buskap: 1.600 mjølkekyr, 3.800 ammekyr/andre storfe, 8.000 sau og lam, 2.200 griser, 15.000 høner og 115.000 slaktekyllingar.

Det dyrkast vel 36.200 dekar jordbruksareal, mest gras til fôr og beite. Av dette 4.700 dekar korn. Kommunen har vel 38 prosent av kornarealet i fylket.

I Surnadal er det vel 276.500 dekar produktiv skogareal med furu, gran og lauvtre.

I 2017 vart det produsert 11,7 millioner liter mjølk frå 50 mjølkebruk (8,3 mill liter og 103 mjølkebruk i år 2000). Dette tilsvarar årsforbruket av drikkemjølk, ost og andre meieriprodukter til vel 39.000 personar. Gjennomsnittlig har mjølkebruka 32 kyr og leverer årleg 234.000 liter mjølk. (15 kyr og 74.500 liter i år 2000).


Årlig produserast det vel 1.110.000 kg kjøtt i Surnadal, av dette 480.000 kilo storfekjøtt, 100.000 kilo sauekjøtt, 354.000 kilo svine-kjøtt, 176.000 kilo fjørfekjøtt og egg fra 15.000 høner. Kjøttproduksjonen tilsvarer årsforbruket av kjøtt til vel 16.000 personar.

Vi i landbruksforvaltninga i Surnadal deler meir og mindre aktuelle saker for dei i landbruket på Facebooksida Landbrukskontoret i Surnadal Kommune.

 

Kontaktinformasjon

Mona Rosvold
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 916 76 017
Tore Gjul
Skogbrukssjef
E-post
Mobil 913 03 388
Elin Moen Lysø
konsulent landbruk
E-post
Mobil 952 59 360

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL