Kvoteordninga for mjølk

Føremålet med kvoteordninga for mjølk er å tilpasse mjølkeproduksjonen til marknaden innanfor dei mål som Stortinget har fastsett. Alle føretak som produserer og leverer mjølk må ha ei mjølkekvote. Leveranse ut over kvota utløyser overproduksjonsavgift.

Det er Landbruksdirektoratet som forvaltar kvoteordninga. Det er eigne skjema og det er sett fristar for å selge, kjøpe eller leige kvote. Fristane er:

Sal av kvote: 1. august

Kjøp av kvote: 1. oktober

Leige av kvote: 1. oktober

Meir informasjon:

Landbruksdirektoratet om kvoteordninga

Fylkesmannen om kvoteordninga