Økologisk landbruk

Økologisk produksjon har ein naturleg plass i landbruket, både i eit miljøperspektiv, som ein "spydspiss" for det konvensjonelle landbruket og for å sikra eit mangfald til forbrukarane. Auka merksemd om forbrukaren vil styrke konkurransekrafta i næringa.

Omgrepet "økologisk" innan landbruket er verna. Debio er utøvande kontrollinstans. Ø-merket til Debio er det norske godkjenningsmerket for økologisk produksjon.

For meir informasjon om idégrunnlag i økologisk landbruk, reglar, kontroll og merkebruk, sjå debio.no 

Sjå også landbruksdirektoratets heimesider. Dersom du vurderer omlegging til økologisk produksjon, ta kontakt med Landbruk Nordvest og be om gratis førsteråd. Dette er ein gratis og uforpliktande gjennomgang av garden og drifta, der ein ser på mulegheiter og eventuelle utfordringar med å legge om til økologisk produksjon.

Andre lenker:

agropub.no

oikos.no

norsok.no