Autorisasjonsbevis

Alle som vil kjøpe eller nytte plantevernmidlar i yrkesmessig samanheng, må ha eit gyldig autorisasjonsbevis. Dette gjeld også ansvarshavande hos forhandlarar av plantevernmiddel. Autorisasjonen gjeld for 10 år frå avlagt prøve. Ved fornying er det stilt tilsvarande krav som ved første gongs utskriving.

Mattilsynet har ansvar for ordninga med krav til autorisasjonsbevis. Oppgåvene med å arrangere kurs og utskriving av autorisasjonsbevis er delegert til fylket og kommunen.

Dei som kjøper eller nyttar plantevernmiddel har sjølv ansvar for å ha gyldig bevis samt å følgje anna regelverk for bruk av plantevernmiddel.

Mista autorisajonsbevis

Om du har mista autorisasjonsbeviset kan du kontakte Mona Rosvold på Landbrukskontoret. Vi kan da utstede eit midlertidig bevis og/eller bestille eit duplikat.

Meir informasjon:

Landbruk Nordvest arrangerer autorisasjonskurs og kan hjelpe til med ulike tema knytt til plantevern.

Det går an å fornye godkjenning for kjøp og bruk av plantevernmidlar på nett. I etterkant av bestått eksamen på nett, ta kontakt med Mona Rosvold for å få utskrive nytt bevis.

Meir om autorisasjonsbevis på sidene til Mattilsynet