Plantevernjournal

Det er krav til å føre sprøytejournal, krav til journal for vern av vassmiljø og krav til journal for integrert plantevern. Desse tre journalane til saman er kalla plantevernjournal.

Journalføring er viktig for å kunne dokumentere kva du har sprøyta med og kva tiltak du har gjennomført. Journalane kan førast på pc/nettbrett, i noteringsbok eller tilsvarende.

Mal til plantevernjournal

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har utarbeidet en mal som kan benyttes.

Nærare om innhaldet i plantevernjournalen

1. Sprøytejournal

Sprøytejournalen skal innehalde opplysningar om følgande:

  • Namn på plantevernmidlet
  • Tidspunkt for behandling
  • Dose
  • Område som er behandla
  • Kva vekst som er behandla

Desse opplysningene skal oppbevares i minst tre år. Det er den som sprøytar som skal føre journalen. Om sprøytearbeidet utførast av andre (f.eks. ved leiesprøyting av åker) er det entreprenøren som skal føre journalen. Det er imidlertid viktig å være oppmerksom på at journalen bør oppbevares på garden der det sprøytast, blant anna fordi forskrift om produksjonstilskot har krav til at foretaket skal ha journalen tilgjengeleg.

2. Journal for vassbeskyttelse

I journalen skal du beskrive buffersoner til overflatevatn og avstand til eventuelle drikkevasskilder i nærheita. Du skal også beskrive eventuelle tiltak du har gjort for å avgrense skade. Slike tiltak kan for eksempel gjelde dysevalg, større buffersone enn kravet på etiketten, valg av vaskeplass o.l.

3. Journal for integrert plantevern

I journalen for integrert plantevern bør du skrive kvifor du valgte akkurat dette preparatet fremfor andre preparater med same bruksområde. Du bør også skrive litt om kvifor du ikkje kunne velge ikkje-kjemiske metodar i dette tilfellet. Vidare bør du ha med informasjon om kva overvaking som er gjort av skadegjæraren før området vart sprøyta, kva du har gjort for å forhindre resistens og eventuelle førebyggande tiltak du har gjennomført. Slike tiltak kan for eksempel være vekstskifte siste tre år, sortsvalg, jordbearbeiding, radrensing, feller og bruk av nett og andre fysiske hindringar. I tillegg kjem tiltak som du har gjort i forbindelse med spreiing av plantevernmidlar, slik som redusert dose eller flekkvis behandling etter behov.

Sjå også informasjon i veileder til forskrift om plantevernmidler