Tap til rovvilt

Dersom husdyr blir drept eller skada av rovvilt, kan du søke om erstatning.

Regelverk

Sjå regelverk for erstatning: Forskrift om erstatning når sau blir drept av rovvilt

Korleis søke

I rovviltportalen finn du informasjon om skadar og korleis du skal søke erstatning for sau drept av freda rovvilt,

Funn av kadaver, skadar og observasjonar

Det er viktig å gi melding om alle observasjonar som er opplevd unormale i høve til beitedyr til dyreeigar, beitelagsleiiar eller Statens Naturoppsyn (SNO). Sporobservasjonar av store rovdyr (bjørn, ulv, gaupe, jerv) bør meldast snarast muleg til SNO.

Dersom du finn øyremerket til dyret, så vil det innehalde informasjon om dyrehaldsidentifikator og individnummer. Nokon har også registrert navn og telefonnummer til dyreeigar på baksida.

Det er SNO som er ansvarleg for all skadedokumentasjon og vurderingar i tilknytning til dette. Dyreeigar er sjøv ansvarleg for å sikre at melding blir gjeve til den lokale rovviltkontakten eller SNO. Alle observasjonar SKAL meldast til rovviltkontaktane så snart som muleg. Det er viktig med stadfastsetting av lokalitet. Det er også viktig å dekkje til kadaveret.


Ved rovviltskade på husdyr kontakt snarast råd ein av rovviltkontaktene i kommunen: Tore Gjul tlf 71 65 58 00. Om ikkje kontakt med desse, kontakt SNO Rindal. Dersom SNO Rindal ikkje svarer, kan SNO Oppdal kontaktast.

Rovbase er eit forvaltningsverktøy som tek vare på informasjon som er viktig for forvaltning av bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn. Rovbasen blir oppdatert av fylkesmannen i respektive fylke, Statens naturoppsyn (SNO), og Norsk institutt for naturforskning (NINA), i henhald til Norges nasjonale overvakingsprogram for rovvilt. Naturvårdsverket i Sverige samlar data på same artar og med same metodikk via respektive länsstyringar i Sverige.

Rovdata er ein uavhengig leverandør av overvåkingsdata og bestandstal på gaupe, jerv, brunbjørn, ulv og kongeørn i Norge. Dei er ein sjølvstendig eining, med eigen leiar og stab, i Norsk institutt for naturforskning (NINA).

I Rovviltportalen finn du informasjon om dei fire store rovdyra gaupe, jerv, bjørn og ulv, og rovfuglen kongeørn. Les om politiske målsettingar, finn informasjon om skadar og korleis søkje erstatning for sau drept av freda rovvilt, om jakt og fellingstillatelsar og om dei regionale rovviltnemndene.

Kontaktinformasjon

Tore Gjul
Skogbrukssjef
E-post
Mobil 913 03 388

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00