Kven kan søke?
Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidligare er grøfta, kan søkje om tilskot til drenering. Det kan også gis tilskot til eigar av jordbruksareal som leigast ut. For planerte areal kan det i tillegg gis tilskot til areal som ikkje tidlegare er grøfta.
Elektronisk søknadsskjema
I søknaden skal du omtale dreneringsarbeidet og velje dreneringstiltak du planlegg å gjennomføre inkludert plan for dreneringa. I tillegg skal du svara på spørsmål om kulturminner, naturmangfald og avrenning.
Du må laste opp kart med grøfteskisse (obligatorisk). I tillegg kan det vera aktuelt at du blant anna lastar opp følgjande vedlegg (ikkje obligatoriske):
- avtale med eigar om å gjennomføre tiltaket
- dokumentasjon av tidlegere drenering eller planering
- detaljert kostnadsoverslag
I søknaden kan du få ei foreløpig berekning av tilskotet.
God drenering er avgjerende for å få god jordstruktur, betre bereevne og mindre kjøre- og pakkeskadar, slik at matproduksjonen kan aukast i åra som kjem. Det er også eit viktig ledd for å tilpasse jordbruket til eit endra klima.
Har ein god drenering reduserast faren for erosjon og ein bidreg til god vasskvalitet og eit godt vassmiljø samt betre utnytting av gjødsla.