Skogsveg

Her er informasjon om tilskot til bygging av skogsveg.

Fylkesmannen har fastsett slike reglar for tilskot til skogsvegar i 2018:

  • Skogsbilveg, inkludert snu- og lunneplassar:  inntil 50 % tilskott.
  • Vegar etter hovudplan eller foreløpig hovudplan kan få inntil 60 % tilskot.
  • Lassbærarveg/Traktorveg kl. 7:  20-40 % tilskott. Høgaste sats der vegen kan ombyggast til skogsbilveg.
  • Støtte til dekking av kostnader ved innleige av hjelp til vegplanlegging/ byggeleiing – lik sats som tilskot til vegbygginga.
  • Før anleggsarbeidet vert sett i gang skal det føreligge ein byggjeplan godkjent av kommunen. Denne skal leggast ved søknad om tilskot.

 

Meir om vilkår for at skogsveg skal være tilskottsberettiget :

  • Vegplana skal være godkjent av kommunen.
  • Vegen skal utgjere ein del av det permanente vegnettet.
  • Søknaden skal gjelde nyanlegg og/ eller ombygging.
  • Det skal vere planlagt snu- og velteplassar.
  • Det kan setjast vilkår for utbetaling av tilskot til dei einskilde tiltaka, jf. §3 i Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Vilkåra må vere i samsvar med formålet med tiltaka.
  • Ved byggekostnad større enn kr 200.000,- er det krav om at byggjearbeidet skal konkurranseutsettast.
  • Opprusing av forsømt vedlikehald er ikkje tilskottsberetiget.

 

Prioriteringsgrunnlag for tilskot

  • Skogsbilvegar blir prioriterte framfor traktorvegar.
  • Ved prioritering av søknader vert det vurdert om vegen er planlagt i tråd med hovudplan eller anna kommunalt prioritert vegplan.
  • Det vert vurdert om vegen vil bidra til å ta vekk grunnlaget for å få bygd ut større samarbeidsprosjekt.
  • Samarbeidstiltak vert prioritert framfor søknader som gjeld einskild skogeigarar, der det er grunnlag for slike vegløysingar.
  • Løysing av flaskehalsar og positiv nytte/kost rundt tiltaket gir også prioritet.
  • Det vert vurdert om vegen vil utløyse stor aktivitet, nært føreståande, framfør på lang sikt.
  • Jordskiftevegar vert prioritert framfor andre vegar som elles vert vurdert likt.
  • Søknadsfrist første tildelingsrunde:       15. mars.
  • Søknadsfrist andre tildelingsrunde:       15. august. 
 
 

Diverse skjema finn du her.

Kontaktinformasjon

Tore Gjul
Skogbrukssjef
E-post
Mobil 913 03 388