Køyring på bar mark

 Dersom du skal bruke motorisert køyretøy i utmark på bar mark utover det som har direkte heimel i lovverket, (og dermed ikkje søknadspliktig), må det søkast om dette. På grunn av fare for skadar på terrenget er lovverket strengt på dette området.

Køyringa skal følgje trasear som er eigne for køyring, til dømes ein traktorsti. Søknadar om køyring på bar mark skal behandlast i tråd med §6 i nasjonal forskrift. Verd å merke seg om dette er:

  • søkaren må påvise eit særleg behov,
  • behovet må ikkje vera knytt til turkøyring,
  • behovet må ikkje kunne bli dekt på annan måte,
  • behovet må vurderast i høve til faren for mulege skader og ulemper ut frå målet om å redusere motorferdselen til eit minimum.

 

Her finn du nyttige opplysningar og søknadsskjema