Søknadar om køyring på bar mark skal behandlast i tråd med §6 i nasjonal forskrift. Verd å merke seg om dette er:
- søkaren må påvise eit særleg behov,
- behovet må ikkje vera knytt til turkøyring,
- behovet må ikkje kunne bli dekt på annan måte,
- behovet må vurderast i høve til faren for mulege skader og ulemper ut frå målet om å redusere motorferdselen til eit minimum.
Søknadsskjema for bruk av motorkjøretøy på barmark.
Kart til søknad om motorferdsel i utmark
For best mulig dokumentasjon skal det følgje eit kart med alle søknadar om motorferdsel i utmark. Her skal omsøkt køyretrase markerast, eventuell start- og landingspunkt ved bruk av helikopter.
Her er link til eit kartprogram med ein enkel teikne- og utskriftsfunksjon. Kartet blir lagra i A4-format og skal leggast ved det elektroniske søknadsskjemaet som PDF-fil.
Framgangsmåte:
Zoom inn slik at du ser området du skal køyre i så detaljert som muleg.
Vel Verktøy oppe i venstre hjørne. Vel så Tegne. Videre klikkar du på Linje.
Klikk så i startpunktet, og vidare fleire stadar i køyretraseen. Dobbeltklikk der køyretraseen sluttar.
Vel så Lagre og skriv ut. Pass på at køyretraseen ligg innafor A4-arket, som er det lyse feltet midt på skjermen. Skyv eventuelt slik at han kjem innafor.
Vel Skriv ut og lagre fila.