Transport av bagasje, utstyr og ved til hytteEtter søknad kan du få løyve til bruk av snøskuter for transport av bagasje, utstyr og ved til private hytter. Her finn du viktige opplysningar om ordninga.Transport av bagasje og utstyr til hytteDet er §5c i nasjonal forskrift som opnar for dette transportføremålet. Verdt å merke seg er:Det er berre eigar av hytte som kan søke om å få slikt løyve. Det kan gis eitt løyve til kvar hytte og dette gis til hytteeigar eller langtidsleigar. Leigekontrakten må vere på minst ein vintersesong, hytteeigaren kan ikkje samstundes ha løyve til den same hytta. Personar i næraste familie kan, i tillegg til hytteeigaren, godkjennast som brukarar av løyvet. Næraste familie omfattar ektefelle, sambuar, barn, barnebarn og ektefellar eller sambuarar til desse. Barn og foreldre treng ikkje vere folkeregistrerte på same adresse.Det er mogleg å ha fleire køyre-bøker så alle køyrarar får kvar sin. Skriv i søknaden om du ønskjer dette.Det er ikkje nokon avgrensingar på kor mange turar ein kan få. Det blir gjort ei individuell vurdering av behovet for kvar søknad. Ein må skrive i søknaden kor mange turar ein treng og grunngje dette.Desse løyva gjeld berre transport av bagasje og utstyr og ikkje persontransport eller tilsyn med hytta. Personar kan likevel sitte på snøskuter eller slede dersom det er plass saman med bagasjen.ATV med belte er ikkje å rekne som snøskuter. Bruk av slikt kjøretøy må vurderast og behandlast etter § 6 i nasjonal forskrift.Transport av ved til hytteDet er §5e i nasjonal forskrift som opnar for dette. Verd å merke seg er:Dette kan vere transport av ferdig kløyvd ved frå parkeringsplass til hytte, heile vedstrangar mellom vedteig og hytte eller heile vedstrangar mellom vedteig og parkeringsplass.Jfr. Surnadal kommunes retningsliner for motorferdsel i utmark kan det bli gitt 3 køyredagar pr. vintersesong med snøskuter til dette føremålet.Transport av ved til hytte skal i så stor grad som muleg utførast samtidig med transport av bagasje og utstyr til hytte.Korleis søke?Søknadsskjema og annan nyttig informasjon finn du her Sist endret 19.12.2025 13:08