Transport for person med funksjonsnedsetting
Etter søknad kan det gis løyve til bruk av snøskuter for transport for person med funksjonsnedsetting.
Informasjon om vilkår og søknadsskjema
Det er §5b i nasjonal forskrift som opnar for dette transportføremålet. Verd å merke seg om ordninga:
- Kan berre gis ved varig funksjonsnedsetting. Personar som har problem med å bevege seg på grunn av alder eller midlertidig sjukdom kjem ikkje inn under denne regelen.
- Legeerklæring bør leggast ved kvar gong det blir søkt. Skjema for legeerklæring (anbefalt av Statsforvaltaren)
- Det skal søkast i namnet til personen som har funksjonsnedsetting og han eller ho blir også innehavar av løyvet. Andre personar kan vere ledsagar på snøskuteren.
- Køyreformålet og kor mange turar det er behov for må skildrast i søknaden.
Søknadsskjema og annan nyttig informasjon finn du her
Sist endret 11.08.2026 10:53