Bygge utan å søkje?

Du kan gjennomføre ein del tiltak (byggjearbeid) utan å søkje om løyve. Den som skal bygge har sjølv ansvar for å sjekke at tiltaket ikkje er i strid med plan- og bygningsloven, gjeldande planar eller anna regelverk.

For å finne ut kva for tiltak du kan gjennomføre utan å søkje, anbefaler vi å sjekke ut heimesida til Direktoratet for Byggkvalitet.

Der ligg det også ein vegvisar slik at du enklare kan finne ut om du treng å søkje. Vegvisaren stiller ei rekkje spørsmål som hjelper deg å finne ut om det finnst begrensningar, og forklarer når du må søkje og ikkje.

Prøv vegvisaren her!

Dersom tiltaket ikkje er søknadspliktig, ønskjer kommunen at du sender inn ei ferdigmelding når tiltaket er ferdig, slik at kommunen får oppdatert kart og andre register.

Gå til Ferdigmeldingsskjema.

Kontaktinformasjon

Ragna Kvendset
Byggesaksbehandlar
E-post
Mobil 48 00 01 44
Berit Okstad
Byggesaksbehandlar
E-post
Mobil 93 62 19 62