Bygge utan å søkje?

Du kan gjennomføre ein del mindre tiltak (byggjearbeid) utan å søkje om løyve.  Det betyr at du kan bygge eller sette opp noko på eigedomen din utan søknad. Sjølv om tiltaket er unnateke søknadsplikt er det viktig at alle vilkår som krav i arealplan, forbod, lov og forskrift er oppfylt. Det er den som skal bygge sitt ansvar å sjekke opp i dette. I nokre tilfelle kan det også vere reglar i arealplan eller reguleringsplan som gjer tiltaket søknadspliktig. Dette kan for eksempel vere at du ønsker å plassere bygninga utanfor ei byggegrense, eller at det er satt ein maksimal størrelse for garasjar eller terrasse i reguleringsplan.

For å finne ut kva for tiltak du kan gjennomføre utan å søkje, anbefaler vi å sjekke ut heimesida til Direktoratet for Byggkvalitet.

Der ligg det også ein vegvisar slik at du enklare kan finne ut om du treng å søkje. Vegvisaren stiller ei rekkje spørsmål som hjelper deg å finne ut om det finnst begrensningar, og forklarer når du må søkje og ikkje.

Prøv vegvisaren her!

 

Tiltak som er unnateke søknadsplikt

Generelt er følgjande unnateke søknadsplikta dersom det ikkje er nemnt noko anna i reguleringsplan, ein ikkje går over totalt tillatt utbygd areal på eigedommen, og det ikkje plasserast utanfor byggegrenser: 

 

Ferdigmeldingsskjema

Dersom tiltaket ikkje er søknadspliktig, skal det sendast inn ei ferdigmelding når tiltaket er ferdig, slik at kommunen får oppdatert kart og andre register.

Gå til Ferdigmeldingsskjema.