Kva er ein dispensasjon?
Ein dispensasjon er eit avvik, eit unntak frå gjeldande plan eller bestemmelser i lova. Dersom du vil byggje eller føre opp noko som er i strid med lov, forskrift eller plan, må du søke om dispensasjon.
Kommunen kan gi varig eller midlertidig dispensasjon frå reglar gjeve i eller i medhald av Plan- og bygningslova, sjå Plan- og bygningslova kapittel 19. Vilkåra for å gi dispensasjon er:
- Omsyna bak regelen det søkast om dispensasjon frå kan ikkje bli satt vesentleg til side. Det vil si at Grunnen til at regelen ble laget skal veie tungt når det blir vurdert om ein kan tillate eit unntak. Dersom regelen for eksempel er laga ut i frå trafikksikkerheita i eit område kan man ikke få dispensasjon for å gjere noko som kan gi dårlegare trafikksikkerheit.
- I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempane. Her ser ein både på dei private fordelane og ulempane til eigaren og naboar, og på større fordelar som kan påverke andre folk som brukar nærområdet eller bor i kommunen. Fordelane og ulempane for nærsamfunnet skal generelt veie tyngre enn fordelane og ulempane til den som søkar om dispensasjon.
Det er den som søkar som har ansvar for å grunngje kvifor kommunen skal gi dispensasjon. I følgje Plan- og bygningslova har ikkje kommunen lov til å gi dispensasjon utan å ha motteke ein skriftleg søknad som inneheld grunngjeving for kvifor dispensasjonen skal innvilgast.
Kommunen kan gi dispensasjon frå reglar fastsett i eller i medhald av Plan- og bygningslova. Det kan for eksempel vere dispensasjon frå kommuneplan sin arealdel, reguleringsplan, byggeforbod i strandsona, eller andre lokale vedtekter og forskriftar. Kommunen kan ikkje gi dispensasjon frå reglane om saksbehandling og søknadsplikt. Du kan heller ikkje få svar på utfallet av ein dispensasjon før den er behandla av kommunen. Dette er fordi behandling av dispensasjonssøknader er krevende og kommunen må undersøke ein rekke forhald på eigendommen og i lokalmiljøet før det kan fattast eit dispensasjonsvedtak.
For meir informasjon om dispensasjon sjå her: Dispensasjonsveileder (PDF, 3 MB)
Søknadsskjema for dispensasjon finn du her: Skjema dispensasjonssøknad (PDF, 351 kB)
Er du i tvil om det du skal bygge krev dispensasjon? Send gjerne ein skriftleg førespurnad til byggesak eller plan i Surnadal kommune, eller book et møte/førehandskonferanse med byggesaksrådgivar!
Eksempel på tiltak som treng dispensasjon:
- Plassering av bygning i strid med byggegrense i reguleringsplan
- Bygging i strid med arealføremål i kommuneplan (for eksempel bygging i område avsett til landbruk-, natur, frilufts- og reindriftsområde (LNFR))
- Bygging nær offentleg veg
- Bygging nærare nabogrense enn 4 meter
- Bygningar som blir høgare enn det som er tillatt i arealplan
- Bygging som førar til at utnyttingsgraden på ein eigedom blir overskride
- Bygging nær sjø eller vassdrag
Korleis søke om dispensasjon
Du kan søke om dispensasjon saman med byggesøknaden, eller som ein eiga søknad. Sjølve dispensasjonssøknaden skrivast vanlegvis som eit brev. Surnadal kommune har også eit søknadsskjema for utfylling.
Søknadsskjema for dispensasjon finn du her: Skjema dispensasjonssøknad (PDF, 351 kB)
Du må også nabovarsle at du søkar om dispensasjon.
Søknad om dispensasjon må innehalde opplysningar om:
- Kva for ein eigedom søknaden gjeød (adresse, gards- og bruksnummer)
- Kva tiltaket omfattar, og om det er eit permanent eller midlertidig tiltak
- Avklar kva for krav/reglar det må søkast om dispensasjon frå, og eventuelt kor stort avviket er. Dersom tiltaket er avhengig av fleire dispensasjonar søkar ein om disse samtidig
- Søknaden må grunngjevast. Kvifor bør du få innvilga dispensasjon? Blir omsynet bak regelen vesentleg sett til side, og kva slags fordelar/ulemper gir tiltaket?
- Du må varsle naboar om søknad om dispensasjon. Nabovarselet skal innehalde dispensasjonssøknaden, og vi må ha kvittering på at nabovarselet er motteke
Jo meir informasjon som er med i søknaden om dispensasjon, jo enklare er det for saksbehandlar og politikarar å ta stilling til saka. Difor oppfordrar vi til å inkludere teikningar/skisser eller bilete dersom ein søkar om dispensasjon i forkant av byggesaka.
Kvar sender eg søknad om dispensasjon?
Søknad om dispensasjon kan enten sendast på e-post til post@surnadal.kommune.no, eller sendast inn som digital søknad via eByggesøk eller liknande tenester.
Når får du svar på søknad om dispensasjon?
Kommunen skal i utgangspunktet behandle søknad om dispensasjon i løpet av 12 veker. Fristen reknast frå det tidspunktet søknaden er komplett. Det vil seie at dersom du sendar ein søknad som ikkje inneheld all nødvendig informasjon, vil ikkje fristen begynne å løpe før du har sendt inn dei siste opplysningane.
Mange dispensasjonssaker må også sendast på høyring til regionale eller statlege myndigheiter (for eksempel Fylkeskommunen, Statsforvalteren eller NVE). Høyringsuttale skal gis i løpet av 4 veker. Fristen pausast mens søknaden ligg til uttale. Dette betyr at i disse sakane kan det bli inntil 16 vekers saksbehandlingsfrist.
Nokre dispensasjonar vil ha større betydning for andre partar i kommunen, eller for kordan vi utviklar bygda. Slike dispensasjonar skal behandlast av eit politisk utval. Saksbehandling vil i disse tilfellar vere avhengige av møteplan til Hovudutvalet for Tenesteutvikling. Dette kan i nokre tilfelle (spesielt ved jule- og sommerferie) føre til at saksbehandlinga tar lengre tid enn normalt.
Bygging langs offentleg veg
Dersom du skal byggje hus, bod, garasje, mur, trapp eller ei anna fast installasjon/konstruksjon nærmare enn 15 meter frå midten av kommunal veg, eller nærare enn 50 meter frå midten av fylkesveg må du søke om dispensasjon. Dette gjeld dersom eigedommen din ikkje inngår i ein reguleringsplan som fastslår ei anna byggegrense mot vegen.
Slik søker du om dispensasjon frå byggegrense mot offentleg veg:
For å søke om dispensasjon langs offentleg veg kan du bruke det elektroniske søknadsskjemaet på heimesida til Statens Vegvesen. Da sendast søknaden automatisk til eigar av vegen (fylkeskommune/kommune).
For at søknaden skal bli behandla må den innehalde:
- Ei skildring av det du skal byggje
- Situasjonskart som visar plasseringa til det du skal byggje. Teikn ei linje frå det du skal bygge til midten av vegen og skriv på avstanden
- Dersom tiltaket vil påverke siktforhald i ein avkøyrsel eller langs vegen må du teikne inn frisiktslinjar for avkøyrselen. Disse skal vise kor stort synsfelt ein får opp og ned vegen ved avkøyrselen. Sjå bilete under:

Bilete er henta frå Statens Vegvesen.
Varigheita til ein dispensasjon
Ein dispensasjon kan vere varig eller midlertidig. Dersom den er midlertidig vil det gå fram av søknaden eller vedtaket om dispensasjon.
Dispensasjon har generelt sett ein varigheit på 3 år frå den datoen vedtaket er fatta. Dersom tiltaket det er gjeve dispensasjon for ikkje er satt i gong innan det er gått 3 år blir løyvet oppheva. Det same gjeld dersom bygginga av tiltaket stansar i meir enn 2 år.
Kva kostar ein dispensasjon?
Kostnaden for behandling av søknad om dispensasjon varierer med kva du søkar om dispensasjon frå. Dersom dispensasjonen skal sendast på høyring hos Statsforvaltar, Fylkeskommune eller liknande, og dersom det er behov for politisk handsaming av saka, vil gebyret bli høgare enn for enklare dispensasjonssøknadar som kan behandlast av administrasjonen. Blir søknaden avslått, må du likevel betale fullt gebyr for saksbehandlinga.
Sjå Surnadal kommune sitt gebyrregulativ for oversikt over årets gebyrsatsar.
Kriteria for å gi dispensasjon
Alle kan søke om dispensasjon i forbindelse med byggeplanane sine, men det er strenge vilkår for å få innvilga ein dispensasjon. Det kan ikkje gis dispensasjon frå saksbehandlingsreglar (for eksempel søknadsplikt, saksbehandlingstid og andre reglar som følgar av saksbehandlingsforskrifta - SAK10).
Ein søknad om dispensasjon må alltid vere grunngjeve, og både dei to vilkåra under må vere oppfyld:
- Omsyna bak regelen det søkast om dispensasjon frå eller omsyna i loven sin formålsbestemmelse kan ikkje bli vesentleg tilsidesett
- Fordelane ved å gi dispensasjon skal vere klart større enn ulempene.
Søknad om dispensasjon skal oversendast til relevante sektormyndigheiter for uttale. Dette vil i dei fleste tilfelle vere Fylkeskommunen og/eller Statsforvaltaren.
Grunngjeving som går på personlege forhald, slik som plassbehov, familieforhold, økonomiske årsakar og liknande skal i utgangspunktet ikkje vektleggast i vurderingane til kommunen. Moglegheita for å få innvilga dispensasjon kan også reduserast ved økt antal dispensasjonar, størrelse på avviket eller når det søkast om dispensasjon av nyare dato.
Retningslinjer for behandling av dispensasjonssøknader
I kommuneplan til Surnadal kommune er det oppgjeve retningslinjer for korleis kommunen skal behandle søknadar om dispensasjon, spesielt dispensasjon frå LNFR-område for å skilje ut bustadtomt og bygging av bustad. Slike bustadar skal alltid oversendast til Fylkeskommunen og Statsforvaltar før kommunen ferdigstiller saka.
Følgjande kriterier skal det leggast særleg vekt på:
- Nasjonale retningslinjer som for eksempel arealøkonomisering, transportbegrensning og samlokalisering
- Samfunnsmessige funksjonar som: infrasruktur, vassforsyning og avløp, trafikk og trafikktrygging (rammeplan for avkøyrsler)
- Jordvern og interessene til landbruket
- Reindrift
- Kulturminnevern
- Almennheita si rett til fri ferdsel
- Naturmangfald
- Klima
- Risiko og sårbarheit
Eksisterande bygningar nytta i landbruket kan ved dispensasjon omdisponerast og nyttast til verksemd med gardsturisme. Slike bygningar kan ikkje frådelast hovedbruket.
Dersom det gis dispensasjon etter Plan- og bygningslova §19 for bygging i LNFR-områda skal det stillast vilkår som oppfyllar dei generelle og spesielle krava til dei ulike byggeområda som gjeld i arealdelen. Generelt gjeld: Ved slik utbygging skal det takast spesielt omsyn til kulturlandskapet, terrengtilpassing og estetikk slik som materialval, form og farge på bygningane. Det bør fortrinnsvis nyttast jordfargar i harmoni med landskapet omkring.
Etter utbygginga skal området fortsatt ha karakter som LNFR-område, og utbygging av 2 eller fleire bueiningar utløysar krav om reguleringsplan for området.
Litt om omsynet bak ulike reglar og krav
For å kunne gjere gode vurderingar knytta til dispensasjon må ein ha ei forståing for kvifor reglane er som dei er. Omsynet bak en regel er knytta til målet for regelen, og nokre overordna mål for lovar og reglar det ofte søkast om dispensasjon frå er beskrive under:
- LNFR-føremål: Omsynet bak LNFR-føremålet i kommuneplan er å sikre nødvendig areal for tiltak innafor landbruk, naturforvaltning, fritids- og friluftslivsinteresser og reindrift. Dette handlar i stor grad om å leggje til rette for gardstilknytta næringsverksemd på garden sitt ressursgrunnlag, og å sikre naturområde frå større menneskelege inngrep. LNFR-område skal difor i utgongspunktet haldast ubebygd, eller berre bebyggast i tilknytning til landbruk eller reindrift. Difor må sjølv friluftstiltak som gapahukar og tilrettelagte turstiar i dei ubebygde LNFR-område behandlast grundig.
- Byggeforbodet i strandsona, Plan- og bygningslova § 1-8: Omsynet bak denne paragrafen er å verne om sjø og vassdrag, og legge til rette for allmenn bruk og ferdsel i strandsona. Det skal i 100-metersbeltet langs sjø tas serleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre almenne interesser.
- Tillatt grad av utnytting: omsynet bak bestemminga om maksimal tillatt utnyttelsesgrad er å sikre at tomter har tilstrekkeleg med uteopphaldsareal, leikeareal, og at det er nok lys og luft mellom bygningar, i tillegg til at tilstrekkeleg areal mellom bygningar skal hindre innsyn.
- Byggegrenser mot veg: Omsynet bak byggegrense langs veg er å ivareteke krav til vegsystemet og trafikken med omsyn til vedlikehald, drift, brøyting og sikkerheit. Trafikksikkerheita er spesielt viktig, og det settast spesifikke krav til fri sikt. Byggegrense mot veg kan også vere utarbeida med tanke på framtidig utviding av vegen.
- Byggegrense mot nabo, jamfør Plan- og bygningslova §29-4: Omsyna bak PBL § 29-4 er brannvern og behov for å sikre lys, luft og ein viss avstand mellom nabobygg. Det handlar også til dels om terreng og omgivelsesplassering. Kommunen skal anvende bestemminga slik at ein oppnår ein arealdisponering som på ein god måte ivaretek både utbyggars interesser og ønsker, offentlege interesser og omsyn til naboar slik at dei behalder/kan få tilsvarande kvalitetar. Dersom det gis dispensasjon frå byggegrense mot nabo vil det i dei fleste tilfelle settast krav til brannsikring slik at brannvernet forblir ivareteke.
- Regulert utforming i plan (for eksempel takform/takvinkel eller fasademateriale/behandling): Omsynet bak regulert utforming i plan er å samordne utforminga av bestemte typar bebyggelse innafor dei enkelte områda. Dette er spesielt vanleg i hytteområde, der ein ønsker at område skal behalde eit meir naturleg preg.
- Plankrav: Omsynet bak plankravet i kommuneplan sin arealdel er å fastsette ytterlege detaljar for tiltak i området, og gjennom ein planprosess sikre ein heilskapleg vurdering av området.