Redusert foreldrebetaling blir gitt til husholdningar kor SFO-pris utgjer meir enn 6% av husholdninga si samla inntekt. Det må søkjast på nytt kvart år.
Søk redusert foreldrebetaling
Du kan få reduksjon i foreldrebetaling i SFO på grunn av låg inntekt for elevar på 1., 2. , 3. og 4. trinn. For å få redusert foreldrebetaling må du sende inn søknad.
Kommunen skal etter søknad redusere foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. til 4. trinn slik at ho per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:
a. Foreldrebetalinga per elev for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året.
b. Ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år gjer at foreldrebetalinga per elev for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.
Med hushald meiner ein i dette kapittelet einslege foreldre, ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene eller har felles barn. Dersom søkjaren har sambuar utan felles barn, må søkjaren opplyse kommunen om dette.
Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn.
Kommunen kan krevje betaling for kost.
- Det blir gitt søskenmoderasjon med 30% for søsken nr. 2 og 3 i SFO. For fleire søsken er det 50% moderasjon. Det skal betalast 100% for det barnet som har det dyraste tilbodet.
- Det blir gitt søskenmoderasjon i SFO for søsken som går i barnehage med 30% for søsken nr. 2 og 3. For fleire søsken er det 50% moderasjon. Det skal betalast 100% for det barnet som har det dyraste tilbodet i barnehage eller SFO.
- Opphaldstida blir utrekna etter dei øktene barna er påmelde og ikke etter faktisk tid dei nyttar tilbodet. Øktene er opningstid til skulestart og skuleslutt til stengetid.
- Dersom SFO har kapasitet til å ta imot andre enn dei som er fast påmelde, er det i løpet av eit skuleår høve til å kjøpe enkeltdagar eller enkelttimar i skulefritidsordninga. Det blir ikkje gitt søskenmoderasjon for dette tilbodet.