Gratis 12 timar SFO for 1.trinn

Nytt frå 01.08.22:

Gratis 12 timar SFO for 1.trinn.

Alle elevar på 1. trinn med SFO-plass, skal få 12 timer gratis SFO per uke fra og med skuleåret 2022–2023. Dette følger av § 1B-4. Med «timar» i bestemmelsen, meines klokketimar på 60 minutt.

Kven kjem inn under ordninga?

Alle førsteklassinger som er innvilga SFO-plass er omfatta av ordninga. Dette gjeld både elevar som har heiltids- og deltidsplass i SFO. Dersom eleven velgjer å berre bruke SFO 12 timer i uken innanfor dei tidsrammene kommunen har vedteke, skal tilbodet vere gratis for eleven.

Dersom foreldra til eleven har fått innvilga søknad om redusert foreldrebetaling som følge av låg inntekt etter § 1B-1, skal kommunen trekke fra dei 12 gratistimene fra foreldrebetalinga etter at kommunen har innvilga søknaden om redusert foreldrebetaling.

1. Surnadal kommunestyre har vedteke 12 timar gratis SFO for 1.trinn med ei slik kjernetid:
a. 1 time gratis kjernetid SFO kvar morgon før skulestart for 1.trinn
b. 1,5 timar gratis kjernetid SFO kvar ettermiddag frå skuleslutt for 1.trinn
2. Resterande SFO - tilbod for 1.trinn blir betalt etter påmelding med fastsette satsar for opphald, justert for gratis kjernetid.

Dette betyr at ein kan melde seg på berre den gratis kjernetida 1 time før skulestart og 1,5 timar etter skuleslutt.
Tidspunktet for kjernetida ved dei ulike sfo-ordningane får ein ved å henvende seg til den einskilde skule.