Kven gjelde dette for?
Alle verksemder som kan forventast å sleppe ut oljehaldig avløpsvatn må sende søknad. Det inkluderer mellom anna verkstader for køyretøy og vaskehallar. Løyvet gjeld den bedrifta som brukar lokalet og det omfanget det er søkt om. Om utsleppet aukar vesentleg eller ei ny verksemd flyttar inn i lokalet må ein ha eit nytt løyve.
Krav til avløpssystem
Avløpet skal minimum bestå av sandfang eller liknande innretning der tunge partiklar kan sedimentera på botnen. Når ein får utsleppsløyve blir det stilt vilkår til kva mengd olje som har lov å sleppast ut. For å ta representive prøver må vatnet falla fritt så olje og vatn er blanda. Derfor trengst eit prøvetakingsskum der prøva blir teken. For å oppfylla krava må ein ofte ha ein oljeutskiljar før prøvetakingskummen som separerer olje frå vatn. Oljeutskiljaren består av ein tank der oljedropane får tid til å stiga til overflata. Oljeutskiljaran kan erstatta sandfang.
Søknadsskjema
For å søkja fyller du i søknadsskjemaet (PDF, 248 kB). Send skjemaet med nødvendige vedlegg til postmottak@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.
Det er eit saksbehandlingsgebyr på søknaden. Sjå oversikten over kommunale satsar.
Om det blir bygd eit ny oljeutskilje må ein i tillegg til søknad om utsleppsløyve sende ein søknad om byggjeløyve.
Unntak og dispensasjon
Det er i unntakstilfelle mogleg å få dispensasjon frå krava i den lokale forskrifta. Skriv i søknaden kvifor det ikkje er mogleg eller nødvendig å oppfylla grunnkrava.
Vedlikehald og rapportering
Det blir krav stilt på vedlikehald av avløpssystemet. Minst ein gong i året skal ein ta vassprøvar for å sjå at vatnet ikkje inneheld for mykje olje (< 50 mg/L eller det kravet som blir stilt i utsleppsløyvet). Ved stikkontrollar kan også andre stoff bli analyserte. Sandfang og oljeutskiljar skal også tømmast minst ein gong i året. Det skal sendast ein årsrapport for førre år til kommunen innan 1. februar. Rapporten skal innehalde:
- Tømmerapport for oljeutskiljar som opplyser om tømt volum inkl. dokumentasjon på at alle renseanleggets volum er tømt.
- Analyserapportar for tekne vannprøvar.
- Inspeksjonsrapport kor heile renseeininga med eventuelle feil og manglar omtalast.
Ved rapportering skal dette skjema blir brukt (PDF, 560 kB), i tillegg skal analyse og tømmerapport leggast ved.
Nyttige lenker
Forurensningsloven
Forureiningsforskrifta
Lokal forskrift om påslipp av oljehald avløpsvatn
VA-blad 120
NORVAR-rapport 156