Her finner du nyttige filer:
Målet med landbruksfondet:
•Styrke og oppretthalde utvikling og verdiskaping i jordbruk og skogbruk.
•Stimulere til nyetableringar/nye næringar med utgangspunkt i landbruket sine ressursar.
•Motivere ungdom til å satse på eit yrke i landbruket.
•Tilskotet bør ha ein utløysande effekt på tiltaket. .
Kven:
Gjeld for tiltak på landbrukseigedomar i Surnadal kommune. Fellestiltak kan og kome inn under ordninga.
Kva:
•Nyinvestering, ikkje til driftskostnadar.
•Tiltak som bidrar til å minske forureining og fremme gode og langsiktige løysingar skal prioriterast.
•Fellestiltak vil bli prioritert om tilskotsramma blir for lita.
Eksempel:
•Kompetansehevande tiltak (kurs, avløysarutgifter mm.)
•Utmark/beitebruk - betre utnytting av dei samla ressursane som bruka utgjer, som skog, jord, elv og utmark er prioritert
•I utgangspunktet ikkje teknisk utstyr, men dersom rammer og øvrige søknadar opnar for det, eller at tiltaket gjev ein meirverdi, som t.d miljøgevinst, eller at fleire kan dra nytte av det konkrete tiltaket.
•Skogbruk – skogsvegbygging, bioenergi, rydding av krattskog, skogkulturtiltak (planting, ungskogpleie mm).