Næringsfond

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Surnadal kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder, stadsutvikling og ulike typar utviklingsarbeid.

Søknadsfristar

Søknadsfristen er løpande og søknadar blir behandla fortløpande gjennom året.

Kva må du ta omsyn til i søknaden

Ut over dette har Surnadal kommunestyre i møte den 18.03.2021 vedteke lokale retningsliner og lokale vurderingskriterie som skal leggast til grunn ved vurdering av søknadar til fondet. 

 
 

Kva blir IKKJE dekt

Fondsmidlane kan ikkje nyttast til å dekkje løpande drift av kommunen, bortsett frå renter og avdrag på investeringar som er gjort i tråd med fondets føremål.

Det kan heller ikkje gis støtte til verksemder for å dekkje avdrag og renter på lån eller løpande drift.

Det bør heller ikkje gis støtte til verksemd som mottek betydelege overføringar over statsbudsjettet.

Fondet blir årleg tilført midlar gjennom innbetaling av konsesjonsavgift frå dei store kraftprodusentane i kommunen.
Fondet følgjer regjeringas nasjonale standardvedtekter for kraftfond. Her gjeld følgjande: 

”Kraftfondet skal fortrinnsvis anvendes til næringsformål, som for eksempel bedriftsstøtte, tilrettelegging for næringsutvikling i regi av kommunen, stadsutvikling, ulike typer utviklingsarbeid med mer. Fondet kan også benyttes til kommunale investeringer i varige driftsmidler.