Grense for Bævra

Kommunestyret vedtok 15. februar grense mellom fjord og elv for Bævra. Grensa har betydning for kvar fiskereglane i elva startar.

Kommunestyret har vedtatt at Bævra går ut til Bytbekken og Rønningsskjæret. Grensa gjeld kun reglar for fiske. Motorferdsel og anna lovverk kan gå føre seg som før. 

Det kan sjå rart ut at grensa er sett så langt ut. Årsaka til ei slik grensedraging er å verne laks og sjøaure som skal opp i elva for å gyte. Fisken stoppar ofte opp utanfor elvemunningen og ventar på nok vassføring for å ta seg opp i elva. 

Omfattande fiske med både stong og garn kan hindre betydelege mengder fisk frå å nå fram til gyteplassane i elva. Gjennom å frede dei for fiske, bidrar vi til å sikre gytebestanden og ei berekraftig forvaltning av villaks og sjøaure for framtida. Unntak gjeld her for personar som har kjøpt fiskekort for stongfiske.

Det er fra før restriksjonar som gjeld utanfor sona. I samsvar med forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrome laksefisk og nedsenking av garn i sjøen i Møre og Romsdal, er det forbod mot fiske ut til Hammerbukta. Her gjeld likevel mange unntak. Skal du fiske i dette området må du sette deg inn i avgrensingane til forskrifta. 

Svart linje viser grensa for Bævra vedteke av kommunestyret. Raud linje markerer grensa for munningsfredingsområde i samsvar med forskrift vedteke av Statsforvaltaren.