Saman er vi mindre åleine
Surnadal kommune ønsker deg velkommen til direktesending av årets Pårørandekonferanse 24. september i kinosalen på Surnadal kulturhus.
Elinor Bolme, Gunhild Eidsli, Mona Rita Brøske Rønning og Trine Glåmen.Kjensla av å vere åleine er ei av de største utfordringane for pårørande. Pårørande kan sjølv bli sjuke dersom dei ikkje ivaretakast. Samtidig opplever fagpersonar ofte å stå åleine i sitt arbeid. Begge grupper har behov for arenaer der dei kan møtast, utveksle erfaringar og få fagleg påfyll.
Årets Pårørandekonferanse er 24. september og rettar søkelyset mot korleis vi kan styrke godt samarbeid og god samhandling mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta. Det blir fokusert på korleis vi saman kan gjere belastninga mindre og føle oss mindre åleine.
-Velkommen til ein viktig møteplass, seier kommunalsjef Helse og omsorg, Gunhild Eidsli.
Billettar
Billettpris kr. 150 inkl lunsj. Billettar kjøper du på surnadal-kulturhus.no - helst innan 22. september.
Last ned program
Pårørandekonferansen 2025- lokal informasjon (PDF, 2 MB)
Pårørandekonferansen 2025 - nasjonal informasjon
