Dialogforum - høyring om framtidig skulestruktur
Surnadal kommune inviterer foreldre og interesserte til dialogforum ved alle skulane i veke 35 (25.–31. august 2025) i samband med høyringssaka «Skule for framtida – grep for kvalitet og økonomisk berekraft».
Dette er ein viktig del av høyringsprosessen, og vi ønskjer å få fram synspunkt og innspel frå dykk som er direkte berørte av saka.
Bakgrunn for møta
Kommunen står i ein krevjande økonomisk situasjon og vurderer endringar i skulestrukturen som eitt av fleire tiltak for å sikre kvalitet og berekraft i oppvekstsektoren. Høyringsdokumentet presenterer tre konkrete alternativ for framtidig organisering av grunnskulane i kommunen.
Vi ønskjer å informere om innhaldet i dokumentet og legge til rette for arbeid i prosess, der foreldre og lokalsamfunn kan bidra med innspel og refleksjonar. Barn og unge si stemme er også viktig, og elevråd og ungdomsråd vil bli høyrt i eigne fora.
Tid og stad
- Måndag 25.08.25: Mo oppvekstsenter, kl. 18.00 - 20.00
- Tysdag 26.08.25: Surnadal barne- og ungdomsskule, kl. 18.00 - 20.00
- Onsdag 27.08.25: Todalen og Stangvik oppvekstsenter, kl. 18.00 - 20.00
- Torsdag 28.08.25: Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, kl. 18.00 - 20.00
Tema for møta
- Innleiing
- Kort presentasjon av høyringsdokumentet
- Arbeid i prosess med foreldre og interesserte
Korleis gi innspel
Innspel kan også sendast skriftleg innan 15. september 2025. Alle innspel vil bli vurdert før saka blir behandla politisk i kommunestyret 2. oktober 2025. Gå til kommunens høyringsside.
Invitasjonen til dialogforum i veke 35 er sendt til alle skular og foreldre.
Med vennleg helsing
Kenneth Bergstad
Kommunalsjef oppvekst