Dette er ei kompleks sak som berører mange. Dersom du har spørsmål knytt til høyringsgrunnlaget, kan du sjekke om andre har stilt liknande spørsmål og fått svar på det du har tenkt å spørje om. Vi legg fortløpande ut innkomne høyringsinnspel, spørsmål og svar som kan vere av interesse for fleire.
Innkomne høyringsinnspel, spørsmål og svar
Spørsmål frå Nils Håvard Øyås på e-post 30.06.2025.
- 09.07.2025: Svar til Nils Håvard Øyås jf. e-post (PDF, 884 kB) Etterspurt tilstandsrapport blir ettersendt.
- 28.08.2025: Ettersending av dokument:
- Kommentar frå kommunedirektør: Vi må bemerke at den rapporten er noko gamal, og at det i samband med ombygging av både «97 bygget» og delene av «gulbygget» ble gjort store forbetringar også på «gulbygget» som i dag er i dagleg bruk som lokaler for Vaksenopplæring og Intergrering. Som du veit er «blåbygget» og «mellombygget" revet. «Gulbygget» har vore gjenstand for gjennomgang av Arbeidstilsynet og deira rapport og utsjekk er og vedlagt i tillegg til nokre bilete frå innsida av bygget.