Test av Nødvarsel på mobil

Klokka 12 onsdag 12. juni 2024 blir det test av Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Norge i ein felles nasjonal varslingsprøve.

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Varslingsprøven den 12. juni blir gjort over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i det ganske landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal og tyfonane vil ule - der slike er plasserte. 

Ein så omfattende varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange mennesker er samla og mange mobiltelefonar lagar lyd samtidig. Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøven med dine nærmaste, slik at flest muleg er forberedt og veit at dette berre er ein test.

Meir informasjon hos nodvarsel.no

Viss du ikkje har ein oppdatert mobiltelefon kan det hende du ikkje mottar testen.

Meir informasjon om kva mobiltelefonar som kan motta nødvarsel