Pårørandekaffe er eit nytt og viktig tilbod for pårørande: Ein lågterskel kafé på Frivilligsentralen – ein fristad der omsorg, fellesskap og ein kopp kaffe går hand i hand.
Kafeen er tenkt som ein uformell og trygt møtestad for alle som står nær nokon med sjukdom, demens, funksjonsnedsetting, rusproblematikk, psykiske utfordringar eller andre livsutfordringar.
Her kan du senke skuldrane, dele erfaringar, eller berre nyte stillheita med ein kopp gratis kaffe og enkel servering Tilbodet er gratis og ope for alle pårørande, uansett livssituasjon og bustadsadresse. Av erfaring veit vi at kommunegrensene ikkje er eit hinder, men ei styrke for pårørande. Kafeen blir driven av frivillige, og har som mål å gi pårørande eit pusterom i ein krevande kvardag.
Kor: Surnadal Frivilligsentral
Når: Onsdag 3. desember
Tidspunkt: Kl. 18.00 - 20.00. Kom og gå når du vil.
Invitasjon til utskrift og deling (PDF, 2 MB)