Kommunen sitt ansvar
Kommunen har eit ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i lokalsamfunnet. Dette arbeidet handlar om tiltak for å førebygge og å ta hand om hendingar og situasjonar som truar liv, helse, miljø og viktige samfunnsverdiar.
Til hjelp i dette arbeidet har kommunen utarbeidd følgande beredskapsplanar:
Overordna beredskapsplan
Kommunen har utarbeidd ein overordna beredskapsplan med styringsdokument. Denne planen er meint som eit hjelpemiddel for at kommunen skal kunne reagere raskt og effektivt i kritiske situasjonar.
I beredskapsplanen finn du mellom anna ei oversikt over kommunen si kriseleiing og beredskapssekreteriat. Desse personane blir kalla inn ved kriser eller større ulykker.
Overordna beredskapsplan 2023 - vedteke av kommunestyret 14.02.23 (PDF, 555 kB)
Styringsdokument 2023 - vedteke av kommunestyret 14.02.23 (PDF, 414 kB)
Risiko og sårbarheitsanalyse
Det er gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyser for å finne ut sannsynlegheita og konsekvensane av ulike hendingar som kan inntreffe i lokalsamfunnet.
Heilheitleg risiko- og sårbarheitsanalyse 2023 - vedteke av kommunestyret 14.02.23 (PDF, 2 MB)
Plan for sosial- og helsemessig beredskap i Surnadal kommune 2012 - 2016
Kommunen skal i følgje Lov om helseteneste i kommunane sørgje for nødvendig helseteneste for alle som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen. Det omfattar hjelp ved ulykker og andre akutte situasjonar.
Beredskapsplanen er heimla i Lov om helsemessig og sosial beredskap av 23.06.2000. Helseberedskapsplanen er ein del av kommunen sin kriseplan og samordna med dei andre beredskapsplanane i kommunen (khl §1-5). Smittevernplanen (PDF, 11 MB) er ein delplan i forhold til helseberedskapsplanen.
Sjå Plan for sosial- og helsemessig beredskap 2012 - 2016 rev. juli 2014 (PDF, 2 MB)