Slik kan du påverke politisk

Dersom du er opptatt av ei politisk sak kan du fremme eit innbyggarforslag, be om eit møte med ein av kommunen sine politiske organ (ein deputasjon) eller ved å skrive til eit utval.

Minsak.no

På Minsak.no kan du foreslå saker som du meiner vil gjere din kommune eller fylkeskommune betre.

Innbyggarinitiativ

Innbyggjarinitiativet er innført ved ei lovendring i kommunelovas §39 som tredde i kraft 1. juli 2003.
Lovendringa gjer at det er tilstrekkeleg at 2 % av innbyggjarane i ein kommune skriv under på eit framlegg for å få det politisk behandla. For Surnadal vil dette seie i underkant av 120 personar.

Ordninga er meint å vera eit verkemiddel for å fremme nye saker, og skal ikkje brukast til å lage omkampar på vedtak som allereie er fatta.