Brukarutvalet ved Surnadal sjukeheim

Brukarutvalet ved Surnadal sjukeheim vart oppretta etter vedtak i kommunestyret 30.11.2017.  Ta gjerne kontakt med brukarutvalet ved ønske om bistand.

Formålet med brukarutvalet

Brukarutvalet er eit rådgivande organ som skal bidra til å styrke brukarmedverknad og auke kvaliteten på tenestene.

Brukarutvalet skal gi råd og vere høyringsinstans i saker som gjeld 

  • kvalitet og innhald i tenester
  • brukarar og tilsette som grupper, men ikkje enkeltpersonar
  • organisering, tenestetilbod og utviklingsarbeid ved sjukeheimen
  • brukarundersøkingar

Brukarutvalet behandlar og vedtar bruk av større gåver som sjukeheimen har fått.

Kven kan ta kontakt med brukarutvalet?

Brukarar, tilsette og pårørande kan gjerne ta kontakt med brukarutvalet ved ønske om bistand, for eksempel om å auke kvaliteten på tenester eller andre ting du ønsker at brukarutvalet skal ta opp. 

Kontaktinformasjon

Utvalsleiar Mona Rita Brøske Rønning: 
e-post mona.rita.broske.ronning@surnadal.kommune.no eller telefon 98890198. Du kan også ta kontakt med dei andre medlemmane.

Medlemmar i brukarutvalet

Brukarutvalet ved Surnadal sjukeheim
Medlem Representerer
Mona Rita Brøske Rønning (utvalsleiar) Råd for personar med funksjonsnedsetting
Heidi Meslo Sæther (pårørandekontakt) Pårørandeforeninga
Britt May Hollås Venneforeninga ved sjukeheimen
Jenny Nordheim (utvalssekretær) Einingsleiar Surnadal sjukeheim
Kari Knudsen (tilsetterepresentant) Surnadal sjukeheim
Grete Torvik (brukarrepresentant) Surnadal sjukeheim