Psykisk helse barn og unge
Dette er ei rådgivingsteneste for barn, unge og deira foreldre/føresette. Her kan barn og ungdom få hjelp i form av støttesamtalar og terapisamtalar. Skular og barnehagar kan også ta kontakt for rettleiing.
Kva kan du få hjelp med?
- depresjon/nedstemthet
- angst/uro
- reaksjonar på livsbelastningar som mobbing, skilsmisser etc.
- problem knytt til venner, familie, skule, mat, søvn etc.
- belastningar knytt til å vere pårørande av foreldre med fysiske, psykiske plager eller rus
- andre vanskar
Korleis få kontakt?
Du kan ta direkte kontakt med førbyggingsrådivar. Du treng ikkje henvisning frå fastlege eller andre.
Kva kostar tilbodet?
Tilbodet er gratis.
Sist endret 31.10.2023 16:23