Rådgivande eining for russaker (RERS)

Kommunen er lovpålagt å ha ei rådgivande eining som skal gje generell informasjon, råd og rettleiing vedrørande rus til personar som blir pålagd møteplikt ved eininga av styresmaktene.

Rådgivande eining for russaker vidareformidlar kontakt til aktuelle tenester og tiltak etter behov, for dei som sjølv ynskjer rådgiving om rus.

Kven kan få tilbod?

I hovudsak er det dei som har vorte pålagde rådgiving av styresmaktene ved ein dom eller ein påtaleunnlatelse som skal få rådgiving frå den Rådgivande eininga for russaker. Men eininga vidareformidlar kontakt til aktuelle tenester og tiltak for dei som ønskjer frivillig rådgiving om rus og rusmiddel etter behov.

Kontor- og møtestad for Rådgivande eining for russaker (RERS):

Vi held til ved Elvebredden møteplass, som er ei avdeling for psykisk helse og rus ved Sommerrotunet Aktivitetshus,
Røssmovegen 26, 6650 Surnadal.

Rådgivarar ved eininga :

Marion Westli Johannessen, Ruskonsulent
Kristin Børset, Ungdomskontakt
Linda Margareth Øye, Aktivitetskontakt

Kontaktinformasjon for oversendelsar frå påtalemyndigheita:

Post sendes digitalt til kommunens org.nr.: 964 981 892
merket:

Unntatt offentlighet etter Offentleglova §13
Rådgivande eining for russaker v/Surnadal kommune
Ann-Elin Stenberg, Einingsleiar Helse og familie ​​​​​.

Send brev sikkert med eDialog her