Koordinator

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester skal du få tilbod om ein koordinator.

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet rundt deg, samt framdrift i arbeidet med individuell plan.

Koordinator skal oppnemnast for deg ved bruk av individuell plan, men du skal også kunne få koordinator sjølv om du ikkje vil ha individuell plan.

Kva kan ein koordinator hjelpe deg med?

  • Framdrift i arbeidet med individuell plan.
  • Sikre samhandling mellom aktørane og andre tenesteytarar som har relevans/betydning for din helse- og livssituasjon.
  • Følgje deg opp i heile planprosessen.
  • Initiere, innkalle og eventuelt leie møte (f.eks. ansvarsgruppemøte og liknanda), knytt til individuell plan og koordinering av tenester.
  • Vere kontaktledd mellom deg og helseapparatet/andre instansar.
  • Informere og oppdatere deg i forhold til arbeidet med individuell plan og tenestetilbodet.

Ta kontakt med koordinerande eining ved Elizabeth Miciano på telefon 48 20 37 16 for bistand.