Individuell plan og koordinator

Dersom du har behov for fleire helse-og omsorgstenester over lengre tid, kan du få informasjon og hjelp frå Koordinerande eining. Dette er ei lovfesta teneste som skal bidra til å sikre heilskaplege behandlingstilbod til deg med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering. Eininga sitt ansvar omfattar alle målgrupper, både innan somatikk, psykisk helse og rus, uansett alder og kjønn.

Koordinerande eining skal sørgje for at tenester rundt deg blir sett i samanheng, og at det er kontinuitet i tiltak over tid, uavhengig av kven som har ansvaret.

Kva kan Koordinerande eining hjelpe deg med?

  • Informere deg om din rett som pasient/brukar/pårørande, etter lovverket.
  • Hjelpe deg med å definere/vurdere ditt behov for nødvendige helse-og omsorgstenester.
  • Gje deg oversikt over kva for tenester som er tilgjengeleg i Surnadal kommune, og formidle kontakt med andre tenester som er aktuelle eller relevante i din situasjon ( kan vere NAV, heimetenesta, rusomsorg, psykisk helse, PPT, barnevern, spesialisthelsetenesta og så vidare).
  • Stadfeste rett til individuell plan ( IP ) og medverke til at koordinator startar opp arbeidet med IP.
  • Oppnemne koordinator, uavhengig om du vil ha individuell plan eller ikkje.
  • Leggje til rette for at du som brukar/pasient og dine pårørande skal oppleve å bli sett, høyrt og teke på alvor ( brukarmedverknad ).
  • Samordne, koordinere og samhandle tenestene dine på tvers av einingar, sektorar og nivå.