Parkeringstillatelse for forflytningshemma

Du kan søke kommunen om parkeringstillatelse for forflytningshemma (HC-kort) dersom du har behov for parkeringslettelsar fordi du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg.  HC-kortet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass uten at du betaler avgift, og vanlegvis utan at du behøver å følgje maksimal parkeringstid.

Krav til søkar:

Parkeringstillatelse gis til bilførar eller passasjer som har særleg behov for HC- parkeringsplass i tilknytning til bustad, arbeid og annan aktivitet.  Du får vanlegvis tillatelse for to til fem år. Les meir i Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede.

Vilkår som førar:

  • Du må dokumentere at du har eit særleg behov for parkeringslettelse ved bustad, arbeid og/eller annan aktivitet.  Stadene du oppgir må angis med adresse.
  • Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstandar.

Vilkår som passasjer:

  • Du må ha behov for regelmessig hjelp utanfor motorvogn.
  • Vi gjer ei totalvurdering av søknaden på bakgrunn av medisinske opplysningar frå legen din, og parkeringsbehovet som du sjølv oppgir.

NB! Du må enten søke som førar eller passasjer. Kortet er personleg og har du fått kort som førar kan du ikkje bruke kortet når du sit på med andre. 

Også institusjonar kan søke om parkeringstillatelse for forflytningshemma.

Slik søkjer du:

Skjema for søknad om parkeringstillatelse for forflytningshemmede er midlertidig ute for revidering.  

Kontakt sørviskontoret på tlf. 716 55 800. 

Vedlegg til søknaden:

  1. To passfoto av nyare dato.
  2. Kopi av førarkort 
  3. Legeerklæring.

Ferdig utfylt søknadsskjema kan du enten levere ved oppmøte eller sende til kommunen.