Kavlvegen kultursti

Rullestolbrukar på Kavlvegen kultursti - Klikk for stort bildeKavlvegen kultursti Anne Lise With Vullum

Kavlvegen kultursti opna 1. september 2023. Dette er eit unikt friluftslivsområde med gruslagde turstiar og kavlvegar av tre som er tilrettelagt for rullestol og barnevogn. 

Informasjon til besøkande

Surnadal kommune har bygd Kavlvegen kultursti som eit eksempel på berekraftig og naturvennleg tilrettelegging på sårbar myr. Dette er ein lett tur i vakker natur i eit myrterreng ved foten av Trollheimen. Fri for lange bratte bakkar og med mange koselege kvilebenkar og møteplassar undervegs. 

Kavlvegen kultursti har to startpunkt, begge med avkøyrsel frå FV670 på Eidet i Surnadal,  ein 4-5 minutt køyretur frå sentrum.

Kart som viser startpunkt for turstien. - Klikk for stort bildeStartpunkt frå FV670

Startpunkt frå museet på Åsen

Hovudstartpunktet finn du ved å følge skilta avkøyrsel til Kavlvegen frå FV670 til museum og parkering på Åsen. Du kan parkere på anvist plass i museumstunet. Frå Åsen er det 1,3 km å gå på fin grusa tursti til kvilebu og kavlvegar. 

Startpunkt frå HC-parkering på Galtmettet

Det andre startpunktet har per i dag kun HC-parkering. For andre bilistar gjeld kun av- og påstigning. Dette startpunktet finn du ved avkøyrsel frå FV670 til gardsveg på Galtmettet. Avkøyrselen er skilta med grønt turskilt ved ein raud postrampe. HC-parkering på høgre side rett ved turstien. Derifrå er det 0,7 km fram til kvilebu. 

Lån av MidtNorge Gjeterhundlag sin parkeringsplass kan kun skje etter avtale med styreleiar Irene Vaagan på førehand. Kontakt styreleiar på mobil: 922 26 456.

Surnadal kommune planlegg framtidig utbetring av tilkomst frå Galtmettet og etablering av sanitæranlegg på Åsen.

Tradisjonell og rullestolvennleg kavlveg

Turstien har formidling og bevaring av lokalt tradisjonshandverk og freda kulturminne som utgangspunkt for innovasjon og naturvennleg tilrettelegging. I myra ved turstien på Eidet er det funne 800 meter av ein kavlveg som er lagt over myra med langsgåande halvkløyvde furustokkar. Kavlvegen er eit freda kulturminne datert til 1100-talet med delvis intakt bereevne. 

Konserveringsforhold i myr gjer at ubehandla tre blir bevart i lang tid. Mange turstiar inneber kryssing av våte parti og sårbar myr. Surnadal kommune og Nordmørsmusea ønsker både å formidle ein del av den lokale kulturarven og å teste ut om legging av kavlveg kan vere ein berekraftig turstimetode i dagens turstiar. Kavlvegen kultursti består difor av ei tradisjonstru tolking av det arkeologiske funnet på ca. 200m og ein modernisert kavlveg med møteplassar på ca. 1000m. 

Den moderniserte kavlvegen er tilpassa rullestol og barnevogn. Dette er ein flytande gangbane i ubehandla tre som låner konstruksjonsprinsipp frå kavlvegen frå 1100-talet. 

Den moderniserte kavlvegen er sett saman av eit byggesett kalla Surnadalskloppa. Byggesettet er utvikla i samarbeid mellom Nordmørsmusea, brukarrepresentantar og Bøfjorden Sag AS.  Surnadalskloppa kan tilpassast i breidde og lengde og leverast i heile landet.  Av berekraftsomsyn i vårt prosjekt valde vi å legge i 97 cm breidde. Formelle krav til universell utforming er 120 cm breidde. Som kloppingsmetode er den enkel å montere og vedlikehalde utan bruk av spikar. 

Turlengde

Kavlvegen kultursti med kavlvegar og grusa turstiar er på litt over 3 km. I midten ligg Lomtjønna og ei romsleg kvilebu med platting. Kvilebua er bygd etter lokal tradisjon, men er tilpassa rullestolbruk både ute og inne. Retningsskilt frå dei to startpunkta viser kortaste avstand til kvilebua.

Tursesong

Kavlvegen kultursti er egna i sommarhalvåret. Når frosten kjem kan kavlvegen bli glatt. Om vinteren kan det bli aktuelt å køyre opp enkelt skispor til kvilebua.

Gå til Kavlvegen kultursti si Facebook-side

Vis turkart og informasjonstavle (PDF, 5 MB)