Kommunalt viltfond

Kommunar der det er adgang til jakt etter elg og/eller hjort skal etablere eit kommunalt viltfond. Surnadal kommune har etablert eit slik viltfond.

Føremålet med kommunale viltfond er å skape økonomisk bakgrunn for å fremme viltforvaltninga i kommunen.

 

Som inntekter til det kommunale viltfondet skal reknast

  • Offentleg fellingsavgift for elg og hjort fastsett av kommunen.
  • Tilskot frå det statlege viltfondet.
  • Fondet si årlege avkastning.

Som inntekter til det kommunale viltfondet kan reknast

  • Inntekter frå omsetning av ulovleg felt vilt og fallvilt av hjortevilt og bever, samt hjortevilt og bever som blir felt etter løyve gitt i medhald av naturmangfoldloven § 18.
  • Eventuelle kommunale avsetningar.
  • Eventuelt andre middel.

Kommunalt viltfond kan nyttast til

  • Tilskot til tiltak for å fremje viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering m.m. i kommunen og nabokommuner gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen sjølv.
  • Å dekkje kommunen sine oppgåver til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen.
  • Tiltak for å førebyggja skadar på landbruksnæring voldt av hjortevilt.