Varsling ved viltpåkjørsel/skadd vilt

Ved viltpåkjørsel gjer du følgjande:

  • Ta straks på deg refleksvest/markeringsvest.
  • Få oversikt over eventuelle skadde personar, gi førstehjelp/kontakt 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  • Ring politiet på 02800 – følg instruksane frå politiet.
  • Dersom dyret ligg  i vegbanen, sett ut varseltrekant.
  • Merk staden med viltband, plastpose eller liknande.
  • Dersom muleg, merk/vis også fluktretning dersom dyret sprang frå staden. Dette letter mulegheita for sporhund å finne staden.
  • Følg aldri etter eit skadd dyr sjølv. Det kan både vere farleg og gjere det vanskeleg for ettersøkshunden sitt arbeid.

Viltforvaltninga i kommunen har ansvar for handtering av skadd vilt, for eksempel trafikkskadd vilt og ved andre årsakar innanfor kommunen sine grenser. Ordninga gjelr i hovudsak større vilt som hjort, rådyr og elg. Mattilsynet har ansvar etter dyrevelferdslova.

Ha alltid viltband i bilen. Du kan få slike viltband i resepsjonen i Surnadal kommune.

Plikter ved trafikkuhell:

Det er ikkje straffbart å køyre på vilt, men det er straffbart å ikkje melde frå.

Lov om vegtrafikk § 12:" Enhver som er i nærheten skal straks delta i tiltak som uhellet gir grunn til ved skade på person eller dyr".