Bandtvang

Frå og med 1. april til og med 31. oktober, skal eigar eller innehavar av hund i Surnadal kommune halde hunden i band, forsvarleg innestengd eller inngjerda i område der bufe beiter og i den tid bufe beiter. Surnadal kommune har eiga forskrift for bandtvang av hund og område der hundar ikkje har tilgang. Alle hundeeigarar må kjenne til desse reglane.

Generell bandtvang i Norge 1. april til 20. august

Generell bandtvang er ein periode kvart år kor hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda heile tida. Grunnen til dette er at dyrelivet er ekstra sårbart i denne perioden, og for å sikre at hundar ikkje skremmer opp eller jager fugl, vilt og beitedyr. Perioden gjeld frå 1. april til 20. august, og gjeld ikkje for enkelte typar jakt- og tenestehundar under aktiv teneste eller trening.

Les mer om båndtvang på Mattilsynets hjemmeside.

Utvida bandtvang lokalt  1. april til 31. oktober

Surnadal kommune har eigne bestemmelsar ut over den generelle bandtvangen, der hundar skal haldast i band eller forsvarleg innstengt eller inngjerda. Hundar har for eksempel ikkje adgang til skular, barnehagar, kyrkjegardar og gravplassar/urnelundar.

Sjå dei lokale bestemmelsane her:

Forskrift om utvida bandtvang for hund, Surnadal kommune, Møre og Romsdal