Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningen. Endring av allereie seksjonerte eigedomar kallast reseksjonering.

Søknad om seksjonering eller reseksjonering skjer ved å fylle ut skjema du finn nedafor.

​​​Kva får du?

  • Du får delt opp bygningen i fleire eigarseksjonar, og eventuelt fordelt utearealet til ein eller fleire seksjonar.
  • Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjoner og fordeling av sameigebrøk.
  • Du får eit matrikkelbrev.

Ved fordeling av uteareal får du i tillegg

  • eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedomen.
  • koordinatbestemte bruksrettsgrenser.
  • sett ned offentlege grensemerker dersom dette er muleg og ønskeleg.

Kva kostar det?

  • Seksjonering kostar 3390 kroner. Ved behov for befaring vil prisen auke til 5650 kroner. 
  • Seksjoneringvedtak skal tinglysast. Tinglysingsgebyret er for tida kr. 525,-.
  • Matrikkelbrev kostar frå 200 til 300 kroner per stykk.
  • Ved fordeling av uteareal kommer oppmåling i tillegg.

Faktura blir sendt søkar i saken. Det er ikkje muleg å endre dette.

Søknadsskjema og rettleiing for seksjonering