Kven må ha separat avløpsanlegg?
Bustadhus, hytter og næringsbygg som har innlagt vatn, og som ikkje ligg i nærleiken av kommunal avløpsleidning, må ha sitt eige anlegg for behandling av avløp. Det vanlegaste i vårt område er slamavskiljar som enten har avløp til sjø eller til infiltrasjon i grus. Søknad, etablering og drift av slike anlegg må etterkomme krava i del 4, kap. 12 av Forurensingsforskrifta. Surnadal kommune legg også ulike VA-Miljøblad til grunn i behandlinga. Slamavskiljarar skal tømmast med jamne mellomrom. Sjå meir om dette under Slamtømming.
Det er også søknadsplikt for tette tankar og tankar for lågtspylande toalett. Der det ligg til rette for det tilrår vi felles slamavskiljar for fleire bustadar eller hytter.
Slik søker du
Berre nøytralt fagkyndig firma eller person som dokumenterer tilstrekkeleg relevant kompetanse kan søke.
Fyll ut skjemaet her, og legg ved nødvendige vedlegg.
Skjemaet skal brukast ved etablering av nye utslepp og ved utbetring av eksistarende utslepp av avløpsvatn. Det gjeld for utslepp frå bustadhus, hytter, næringsbygg og turistverksemder og liknande verksemd med utslepp mindre enn 50 pe. Det gjeld ikkje ved tilknytng til kommunalt avløpsnett.
Her er rettleiar for utfylling av skjemaet (PDF, 243 kB). Du må også setja deg inn i dei krava som som blir stilt til ein søknad i samsvar med forureiningsforskrifta kapitel 12.
Under er lenke til ein rettleiar for kva Surnadal kommune meiner må til for at ein søknad skal oppfylle krava i forureiningsforskrifta. Der finne du også lokale standardkrav for kva som skjer med vatnet etter slamtanken.
Krav til søknad om sanitært avløpsvatn.pdf